Velkommen til valmøter haust 2015: Politikarane møter bedriftene

I forkant av haustens kommuneval vil NHO Sogn og Fjordane arrangere seks valmøter kringom i fylket. Vi inviterer kommune- og fylkespolitikarar til å møte næringslivet for innspel og diskusjon.

Publisert 09.06.15

Sogn og Fjordane

Første halvår av 2015 har vore positiv og travel i høve NHO sitt politiske og næringsmessige arbeid. Ei viktig prioritering både nasjonalt og regionalt har vore å styrke yrkesfaga sin posisjon, og det var difor gledeleg å sjå auka søkjartal i årets skuleval.Vidare var det viktig for norsk næringsliv å få gjennomslag for endringa i Arbeidsmiljøloven (AML), mens arbeidet med å bli kvitt formueskatten held fram for fullt.

Ein sentral del av NHO sitt politiske arbeid i Sogn og Fjordane er å skape møteplassar for næringsliv og politikarar. Vi vil altså auke kunnskapen om næringslivet og næringslivet sine ønskjer og behov, og sikre at dette kjem opp på den politiske dagsorden i større grad.

I forkant av haustens kommuneval vil vi difor arrangere seks valmøter kringom i fylket. Vi inviterer kommune- og fylkespolitikarar til å møte næringslivet for innspel og diskusjon, og desse møta blir lagt til dei stadene NHO Sogn og Fjordane har styremedlemmer. Det blir lagt opp til 2-timars møte.

Her er oversikt over dei seks arrangementa:

-          Førde 19. august: 11:00 - 13:00

-          Florø 20. august: 11:00 - 13:00

-          Eid 28. august: 11:00 - 13:00

-          Sogndal 31. august: 11:00 - 13:00

-          Måløy 3. september: 13:15 - 15:15

-          Høyanger 4.september: 11:00 - 13:00

Følg med på våre heimesider for program

Det lokale næringslivet sine rammevilkår må ha høg prioritet for at kommunane og fylket skal lukkast i å møte utfordringane vi står overfor. Vi håper både bedrifter og politikarar sett av tid til eit konstruktivt møte. Vel møtt!