Velluka seminar om samfunnsansvar

Nyleg møttes over 50 verksemder frå privat og offentleg sektor for å drøfte korleis ta strategisk grep om samfunnsansvar for å skape vekst i Sogn og Fjordane.

Publisert 30.10.14

Sogn og Fjordane

IA- rådet inviterte til seminar 23. oktober for å auke fokus på samfunnsansvar. Henrik Munthe, advokat i NHO og leiar av styringsgruppa for Global Compacts nordiske nettverk innleia  seminaret. - Næringslivets samfunnsansvar handlar om korleis verdiskaping skjer. Omsynet til menneske, samfunn og miljø må takast både i dei strategiske beslutningane hos leiinga og i rutinane for den daglege drifta.

Strengare krav

I kampen om å rekruttere de beste hovuda, vinne marknadsandelar og sikre rammevilkår og investorar, vert det stilt stadig strengare krav til at verksemder skal drive på ein samfunnsansvarleg måte. Verksemder som tar slikt ansvar får eit fortrinn i forhold til konkurrentane. - Investorar opplever redusert risiko i å investere i m.a. miljøsertifisert bygg og leverandørar som opptrer samfunnsansvarleg, fortalde Jan Erik Fåne, direktør for kommunikasjon og samfunn i Finans Norge (FNO).

Betre omdømme

Det snakkas mykje og høgt om samfunnsansvar i norsk næringsliv. Og omgjevnadane set pris på det. - Næringslivet i Sogn og Fjordane bør snakke om og fortelje om sitt arbeid med samfunnsansvar når dei til dømes skal presentere verksemda si i møte med investorar, samarbeidspartar, kundar og i rekrutteringssamanheng, oppmoda Fåne. Dette inneber at bedrifta må ta sitt arbeid med samfunnsansvar seriøst og syne engasjement gjennom drifta si, og gjennom produkta og tenestene sine vise at det som vert presentert stemmer overeins med røyndomen. 

- Openheit, å vere ærlig og transparent er viktig om ein skal bli opplevd som truverdig. Det handlar om risikoen ved å IKKJE gjere noko,  avslutta Fåne.

Bygge nettverk

I nettverket "Samfunnsansvarleg næringsliv i Sogn og Fjordane" er det i dag med 35 verksemder som i meir eller mindre grad arbeider strategisk med samfunnsansvar, seier Siri Stavang, prosjektleiar i NHO. - Vi ønskjer invitere endå fleire med i nettverket for i fellesskap å skape ein føregangsregion i Norge når det gjeld samfunnsansvar. Vi har gode føresetnader for å lukkas både fordi næringslivet i fylket er generelt gode på samfunnsansvar, men også fordi vi har mange gode fyrtårnbedrifter som andre kan ta lærdom av, opplyser Stavang. 

Korleis lukkas

Fyrtårnbedriftene Safeclean, Simas AS, Tine Meieriet Byrkjelo og Melin Medical presenterte korleis deira strategiske arbeid med samfunnsansvar har gjort dei meir konkurransedyktige.

Ingvill Flo, direktør i Pwc og Elisabet Kjærstad Bøe, rådgjevar klima og miljø i fylkeskommunen som begge har brei erfaring kring arbeid med samfunnsansvar presenterte korleis kome i gang med arbeidet. – Tidleg leiiarinvolvering og forankring er heilt avgjerande for å lukkas, seier Ingvill Flo. I tillegg må ein kartlegge kva tiltak som er relevant for eiga bedrift samt involvere tilsette. Det er viktig å setje realistiske mål og ikkje gripe om alt på ein gong, avsluttar Flo. 

Fleire lærlingar

Frå diskusjonane i gruppene kom det fram at inkluderande arbeidsliv og kompetansebygging gjennom m.a. tilby lærlingeplassar og tilby fagbrev er viktige strategiske grep som står sentralt hos dei fleste verksemdene i fylket. I tillegg er det viktig at toppleiarar i fylket snakkar høgt om samfunnsansvar, og at dei gode historiene vert formidla via media og i andre kanalar for at fleire skal følje på for å skape eit konkurransedyktig næringsliv gjennom strategisk arbeid med samfunnsansvar.

Erfaringsutveksling innan og på tvers av ulike bransjar i fylket samt kompetansebygging er viktig for å auke kunnskap og engasjement i næringslivet i tida framover. Med dette ligg det an til etablering av arrangement om samfunnsansvar også til neste år, seier Siri Stavang i NHO Sogn og Fjordane.

Utviklingsprosjekt

På seminaret kunngjorde nettverket "Eit samfunnsansvarleg næringsliv i Sogn og Fjordane" utviklingsprosjekt nettverket vil støtte; Røde Kors med "Ferie for alle" og Plan Norge med "Reint vatn". Sjå meir HER.

 

SJÅ PRESENTASJONAR FRÅ SEMINARET HER. 

 

Kontakt oss

Siri Laquian Stavang

Prosjektleder

NHO Sogn og Fjordane

siri.stavang@nho.no
Telefon
98031949