Vellukka dialogkonferanse på Eid

Nær 40 deltakarar var med på dialogkonferanse der Eid kommune fekk gode innspel frå leverandørane.

Publisert 12.05.14

Sogn og Fjordane

Kjempebra opplegg – seier Tore André Sines, prosjektleiar i satsinga Nasjonalt program for leverandørutvikling. Dette var den første dialogkonferansen i Sogn og Fjordane, og det var god respons og tilbakemeldingar frå næringslivet. Prosjektleiar i Eid kommune, Torfinn Myklebust, var imponert over oppmøtet og dei gode diskusjonane. Vi ønskjer å vere ein offensiv kommune, og om vi kan bidra til å utvikle bedriftene og syte for nyskaping er det flott.

Eid kommune er ein nasjonal pilot og dei skal bygge nytt omsorgssenter med 40 einingar. Tema for dialogkonferansen var automasjon og velferdsteknologi. Her er det mykje spennande i marknaden, og ein ønskjer å få gode innspel frå leverandørane i høve dei behova vi har. Det var innlegg frå kommunen sjølv, konsulentar frå Rambøll og frå dei tilsette ved sjukeheimen. 
'Velferdsteknologi handler ikke om teknologi... men om mennesker', sitat Nis Peter Nissen (Helsedirektoratet, 2012). Difor er det særs viktig at dei som skal levere produkt og løysingar får kunnskap om kvardagen og arbeidsforholda til dei tilsette. Leiar ved sjukeheimen Anne Ruth Botn Bjørlo presenterte deira innspel på ein god og informativ måte. Dei tilsette er veldig spent på den nye omsorgssenteret. Dei er opne for ny teknologi som kan føre til ein meir effektiv arbeidskvardag. 

Etter presentasjonane var det opna for ein til ein møter, der bedriftene kunne snakke nærmare med kommunen.

Eid kommune ønskjer å vere framtidsretta og ta i bruk dei beste løysingane for byggeprosjektet dei planlegg. Dette er kjekt å høyre seier Siri Stavang og Marit Gjerstad frå NHO Sogn og Fjordane. Dei ønskjer fleire spennande prosjekt frå det offentlege der metoden ved å involvere leverandørane til tidleg dialog vert tatt i bruk. 

 På Eid kommune si webside finn ein alle presentasjonane og vidar framdriftsplan. 

Kontakt oss

Marit Gjerstad

Rådgiver

marit.gjerstad@nho.no
Telefon
93663860
Siri Laquian Stavang

Prosjektleder

siri.stavang@nho.no
Telefon
98031949