Vente på teknologitoget?

Det er uansvarleg å kjøpe noko som ikkje er velprøvd og fungerer uttalte ein velrøynd politikar. Heldigvis tenker ikkje alle politikarar og leiarar slik, då hadde ein fått til særs lita utvikling om ingen våga seg ut på det ukjente.

Liten tablet prøves ut i KULEprosjektet Fotograf: Helse Førde

#205

Publisert 15.07.16

Sogn og Fjordane

Av Marit Gjerstad, rådgjevar NHO Sogn og Fjordane.

Teknologitoget går svært fort, om ein alltid skal vente så blir ein fort ståande å lure på kva ein skal kjøpe og lure på om det vil fungere i evigheta.

Gjennom NHO sitt nasjonale program for Leverandørutvikling vil vi at det offentlege skal snu tankegangen kring offentlege innkjøp. Kommunen skal ikkje vite kva løysing innkjøpet skal ha, kommunen skal vite kva ein vil oppnå og kva behov ein skal løyse gjennom innkjøpet. Kommunen skal ha fokus på dagens utfordringar og kva resultat ein ønskjer å oppnå gjennom eit framtidsretta prosjekt og innkjøp. Innkjøpsregimet er i endring. Kriterier som kvalitet, miljø, lærlingar, klima og sosiale forhold skal i større grad bli vektlagt. Ein høyrer om byggeprosjekt der pris tel berre 20 %. Dette meiner vi er ein riktig utvikling. Dei offentlege må vere i front og sørge for utvikling og framtidsretta resultat gjennom deira store innkjøpsmusklar på over 400 mrd. årleg.

Det er eit paradoks at på ønskjelista til kommunar, politikarar og rådmenn står arbeidsplassar og nye bedrifter, men ofte er ein livredd for å sleppe bedrifter og gründerar til for å løyse oppgåver for kommunen. Nei, då blir det privatisering, eit fryktsamt ord. Vi meiner at kommunane må konsentrere seg om sine primæroppgåver og sørge for næringsutvikling ved å sleppe til private bedrifter på det dei ikkje har, eller skal ha, kjernekompetanse på.

NHO Sogn og Fjordane meiner at ein oppnår best resultat gjennom eit samspel mellom private bedrifter og det offentlege. Ein av kommunen sine primæroppgåver er å gje gode helse- og omsorgstenester. Teknologi er og blir eit viktig stikkord for korleis morgondagens helsetenester vil bli. Det er allereie gjennomført mange pilotprosjekt i landet, og mykje av teknologien er veltesta. Vi meiner det er å sløse med personressursar om kvar og ein kommune skal bruke masse tid på å sette seg inn i ulik teknologi og mulege løysingar. Før kommunen har fått bladd gjennom rapportane er det ny teknologi på marknaden som òg kan vere aktuell.

At kommunane i Sogn og Fjordane samlar seg i eit nettverk som har velferdsteknologi som tema er vel og bra, men når skal leverandørane som kan dette best bli tatt med i prosessen? Bedrifter i fylket har gode føresetnadar for å bli gode på leveransar av velferdsteknologi, men då må kommunane sørge for at bedriftene bli kopla på. Akkurat no verkar kommunane mest opptatt av kven som skal betale for den digitale dosetten og korleis morgondagens helsetenester bør organiserast. Òg det er eit av fleire tema som hadde passa ypparleg til å sparre med leverandørane med gjennom ein systematisk og open dialogprosess.

I ei undersøking gjennomført av Telenor nyleg kom det fram at få kommunar lever opp til innbyggarane sine forventingar om sjølvbetente løysingar. Digitaliserte kommunar sjåast på som dei mest attraktive å bu og jobbe i. Det er særleg innan helse- og omsorgssektoren, undervisning og teknisk sektor at ein etterspør digitale løysingar.  Innbyggarane er med andre ord klar og kommunane henger etter.

I staden for at tilsette i kommunane skal bruke mykje tid på å lese seg opp og forstå tekniske løysingar og fundere på korleis dette skal løysast, vil vi oppmode velferdsteknologinettverket og kommunane til å invitere til dialogmøter der kommunane gjer leverandørane innblikk i dagens utfordringar og inviterer næringslivet med på å løyse morgondagens helsetenester og såleis også vere med på å skape næringsutvikling i Sogn og Fjordane.  

Kontakt oss

Marit Gjerstad

Rådgiver

marit.gjerstad@nho.no
Telefon
93663860