Vi må fornye ei lov frå 1977!

Onsdag 28. februar vil YS, LO, Unio og Fagforbundet streike mot Regjeringa sitt framlegg til endringar i Arbeidsmiljølova (AML), endringar som tilpassar lova til dagens samfunns- og næringsliv, og som gir auka fleksibilitet både for arbeidsgjevarar og arbeidstakarar.

Publisert 26.01.15

Sogn og Fjordane, Vi meinar

Av Jan Atle Stang, regiondirektør NHO Sogn og Fjordane

Dagens arbeidsmiljølov byggjer på dei same omsyna som lova frå 1977, trass i at norske arbeidstakarar og bedrifter i dag møter ein heilt annan arbeidskvardag, ein heilt annan konkurransesituasjon. Ein stadig meir globalisert og integrert marknadsøkonomi stiller tøffare krav til effektivitet og produktivitet.

Velferdssamfunnet er heilt avhengig av eit sterkt næringsliv. Både samfunnsutviklinga og næringsutviklinga har vore, og er, i stor endring, og då må også lovgjeving og næringslivet sine rammevilkår følgje med. Blant utfordringane for velferdssamfunnet finn vi at:

  1. Stadig færre er i arbeid
  2. Gjennomsnittleg arbeidstid går ned
  3. Lønsveksten er høgare enn produktivitetsveksten
  4. Inntektstørke for norske bedrifter
  5. Uro i oljemarknaden

Med desse punkta i bakhovudet, samstundes som vi veit at morgondagens næringsliv set endå høgare krav til produktivitet, så er det viktig at politikk og lovgjeving blir utforma slikt at vi legg til rette for at norske bedrifter kan møte desse utfordringane, og konkurrere på den internasjonale marknaden.

Velstandsutviklinga gjer at fritid og tid med familien blir verdsett høgare, og ny teknologi gjer dette muleg gjennom at vi kan fordele arbeidstida annleis. Modernisering styrkjer verdiskapinga gjennom at det påverkar inntektssida i statsbudsjettet. NHO meiner difor at framtidig velferd kan sikrast utan å auke arbeidsmengda, gjennom å tilpasse arbeidsmiljølova til dagens arbeidsliv, slik at vi får auka fleksibilitet både for arbeidsgjevar og arbeidstakar. Vi meiner dette er muleg utan at arbeidarane si helse og velferd blir skadelidande. AML skal jo framleis vere ei vernelov!

Framlegga opnar for meir fleksible arbeidstidsordningar innanfor den avtalte og vanlege arbeidstida. Bedriftene kan tilpasse arbeidskraftsbehovet meir hensiktsmessig etter produksjonen, noko som er spesielt viktig for bedrifter som opplever sesongsvingingar. Og vi har fleire av dei i eksportfylket Sogn og Fjordane. Norge har verdens dyraste arbeidskraft, og bedriftene er difor heilt avhengige av å kunne bruke den mest muleg effektivt. Det er altså ikkje snakk om å auke den totale arbeidsmengda, men å auke fleksibiliteten slik at ein kan fordele arbeidstida innanfor dei allereie avtalte rammene. Dette snak sjølvsagt gjerast i samråd mellom partane lokalt.

Det er også viktig å ta med seg at nær 60 prosent av bedrifter seier at dei vil tilsette fleire dersom lova opnar for enklare tilgang til mellombels tilsetting. At bedriftene har mulegheit for å tilpasse arbeidsskokken på kort og lang sikt, vil vere heilt avgjerande for samfunnet si evne til verdiskaping og sysselsetjingsvekst i framtida. 

NHO meiner at fast tilsetting framleis skal vere hovudregelen i arbeidslivet, men vi meiner auka mulegheit for mellombelse tilsettingar kan bidra til nyskaping, fleire arbeidsplassar og auka verdiskaping for norsk økonomi. Dette kan også vere eit viktig springbrett inn i arbeidslivet for unge og andre grupper som står utanfor. Vi veit at arbeidserfaring er svært viktig for å få fast jobb. Samstundes veit vi at vi, både nasjonalt og i fylket, har mange unge som står utanfor arbeidslivet, samt at eit høgt tal personar med nedsett arbeidsevne står helt eller delvis utanfor. Framlegget til den nye arbeidsmiljølova gir mulegheit til å bruke mellombels tilsetting som eit verkemiddel for få grupper som tradisjonelt har stilt svakare på arbeidsmarknaden inn i arbeidslivet.

Vi ser no at det stadig blir hevda av skribentar i media at framlegget om å fornye AML er rasering av tilkjempa rettar og at ein må gå til kamp mot slike endringar. Ein vil altså heller ha eit lovverk datert 70-talet enn eit lovverk som samsvarer med dagens nærings- og arbeidsliv, til dagens behov både hos arbeidsgjevar og arbeidstakar. Vi ser også at arbeidstakarorganisasjonane hevdar at "Arbeidsmiljølova er vår lov". Det er den ikkje. AML regulerer viktige og grunnleggjande forhold mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar i eit nærings- og arbeidsliv som er i stadig endring og modernisering. AML byggjer på felles interesse mellom partane.

Det er i denne samanheng også viktig å minne om at framlegget til ny AML byggjer på dei same omsyna til t.d. tryggleik som AML anno 1977. Det nye er altså at ein ønskjer å opne for meir fleksible arbeidstidsordningar innanfor den avtalte og alminnelege arbeidstida. Bedriftene kan tilpasse arbeidskraftsbehovet meir hensiktsmessig etter produksjonen, noko som er spesielt viktig for bedrifter som opplever produksjonstoppar og sesongsvingingar. Det er ikkje snakk om å auke den totale arbeidsmengda, men å auke fleksibiliteten innanfor allereie avtalte rammer. Dette vil gagne både arbeidstakarar og arbeidsgjevarar, og etablere eit lovverk som samsvarer med behova til dei ulike partane, og, ikkje minst, til tida vi lever i.