Vi må våge å satse i Europa

Er vi for smålåtne? Vågar vi å satse internasjonalt? Det var spørsmål som kom opp under Europadagen til NHO på Skei torsdag. Dei kring 90 frammøtte fekk høyre korleis næringsliv, forsking og utdanning i fylket vårt kan bruke ulike EU-program for å skape meir vekst og utvikling.

Det var gode debattar på den første Europadagen noko sinne i Sogn og Fjordane. F.v.: Møteleiar Eirik Bergesen, politikar Bjørn Hollevik (H), styremedlem i Vest- Norges Brusselkontor Kjartan Longva og Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V). (Foto: NHO SF)

Publisert 20.04.15

Sogn og Fjordane

Europakommisjonen har no lagt til rette for at små og mellomstore bedrifter (SMB) lettare kan komme i posisjon til program som Horisont2020. Og etter at NHO Brussel, Vest-Norges Brusselkontor, Forskningsrådet og Innovasjon Norge viste fram "verktøykassa" si på Skei, er konklusjonen klar: Bedrifter, skular og høgskule – melde dykk på!

Mykje å hente

Norge betalar kvart år inn store summar til ulike EU programmar i Europa. I den samla potten i Horisont 2020, rammeprogrammet for forsking og innovasjon er det svimlande 80 milliarder euro (frå heile EU/EØS). På Europadagen til NHO Sogn og Fjordane sa Statssekretær Ingvild Næss Stub (H) at målet til regjeringa er at norske forskingsmiljø og næringsliv skal få igjen to prosent av det norske bidraget. I dag får vi tilbake 1,8 prosent.

To av regjeringa sine fremste prioriteringar i EU-strategien er auka konkurransekraft og verdiskaping, og betre kvalitet i forsking og utdanning. Statssekretæren fortalde dei kring 90 frammøtte at norsk næringsliv si deltaking i EU-program som Horisont 2020 er ein viktig del av denne satsinga, og at mulegheitene for innovasjon og vekst er store for miljøa i fylket. 

Tenk større om oss sjølve

- Vi må tenkje større om oss sjølv, var bodskapen til Anne Von Oorschot i ReNorway på Skei. Eid-bedrifta er i gang med ein søknad til Horisont 2020, og håpar å kunne nytte seg av dei store mulegheitene som ligg i EU sine program for forsking og næringsliv.

Det blei vidare poengtert at bedriftene i fylket har alle mulegheiter for å hente midlar og å satse internasjonalt, men mentaliteten må være at vi er gode nok til å konkurrere også utanfor fylkes- og landegrensene.

 

Hjelp med søking

Konkurransen om å få støtte til prosjekt, forsking og innovasjon er hard, men mykje ligg til rette for at norsk næringsliv skal få kloa i langt meir av potten.

- På Europadagen fekk vi vist fram kva ressursar, både lokalt og nasjonalt, som kan bistå med søkinga. Vi fekk også sjå at ein kan hente pengestøtte til sjølve søknadsprosessen, seier Heidi Skorpen i NHO SF.

Både Innovasjon Norge, Vestlandsforsking, Forskingsrådet og Senter for Internasjonalisering av utdanning jobbar tett opp mot EU-programma. Som eit første steg i prosessen tilrår alle å ta ein telefon til Forskingsrådet og Innovasjon Norge som første steg.

Spin-off

På Europadagen var også Avinet, ei bedrift som vaks fram som ein spin-off frå EU-programmet TITAN. Eit anna resultat frå TITAN er DIFI med 97 arbeidsplassar på Leikanger. Avinet utviklar m.a. digitale kart til web og mobil. Dei er ein aktør som gjennom 14 år har hatt størst deltaking i ulike EU-program av private bedrifter i Noreg. Dagleg leiar Tor Gunnar Øverli streker under at motivasjonen for å delta i så mange EU-program har heile tida vore kunnskapsutvikling i bedrifta, og etter kvart  produktutvikling.

– Ein må som lita bedrift klare å henge med i utviklinga og hevde seg på marknaden, deltakinga i EU-program er ein måte å heile tida vere oppdatert. Avinet er no basert i Arendal, som i storbyane blir sett på som utkant. Men når vi er i Brussel er vi frå Noreg, seier Øverli, og legg til at for ei lita bedrift har deltaking i EU-program ført til stor aksept i andre land når dei har satsa internasjonalt, sa Øverli på Europadagen.

Blikk framover

På Europadagen var det i tillegg til innlegg frå statssekretær Stub, NHO Brussel og ekspertar frå ulike organisasjonar med spesiell kunnskap om ulike EU-program, var det også debattar mellom lokale aktørar med ulik ståstad.

Les talen til statssekretær Ingvild Stub her.

Presentasjonar finner du her:

Vest-Norges Brusselkontor
SIU- Senter for internasjonalisering av utdanning
Forskningsrådet og Innovasjon Norge
Vestlandsforsking
Avinet

Kontakt oss

Jan Atle Stang

Regiondirektør

NHO Sogn og Fjordane

jan.stang@nho.no
Telefon
90576419
Marit Gjerstad

Rådgiver

NHO Sogn og Fjordane

marit.gjerstad@nho.no
Telefon
93663860