Viktige saker med stortingsbenken

Styret i NHO Sogn og Fjordane hadde nyleg møte med stortingsbenken frå fylket.

Stortinget

Stortinget Fotograf: Stortinget

Publisert 14.11.16

Sogn og Fjordane

Av sentrale saker som blei tatt opp var bl.a. åtvaring mot eit framlegget frå KrF om å statleggjere ferjedrifta i landet, etablering av CO2-fond for å fremme miljøinnovasjon og miljøvennleg transport, samt stimulering av lokalt- og nasjonalt eigarskap gjennom redusert formuesskatt og selskapsskatt. I tillegg drøfte NHO-styret og benken mellom anna status for Stad skipstunnel, breibandsituasjonen i fylket, og nye høgskulestudier ved høgskulen. NHO Sogn og Fjordane har med ujamne mellomrom møte med stortingsbenken der ein drøftar saker som har betydning for rammevilkåra for næringslivet i fylket. NHO tar såleis imot innspel frå medlemsbedriftene om saker dei ønskjer kommunisert til benken.

Sogn og Fjordane benken Fotograf: Jan Atle Stang

#205

BILDE: F.v. styreleiar Roy Sævik, Geir Gjørsvik, Frode Lindvik, Wenny Hansen, Sveinung Rotevatn, Liv Signe Navarsete, Ingrid Heggø og Bjørn Lødemel. Med på møtet var også Ellen Jensen, Merete Lunde og Jan Atle Stang.