Viser fram næringslivet i fylket

Framtidsfylkets karrieremesser har blitt ein populær møteplass for bedrifter, studentar og jobbsøkjarar. På nyåret får næringslivet i Sogn og Fjordane igjen mulegheiten til å vise seg fram for morgondagens arbeidskraft

Publisert 10.12.14

Sogn og Fjordane

I fjor blei det satt besøksrekord på messa i Bergen, med over 600 deltakarar, samstundes som traineeprogrammet fekk fleire søknadar ein nokon sinne. Med ein stadig sterkare merkevare satsar dagleg leiar Gro Rukan på nye rekordar når dei i 2015 tar turen til Sogndal, Trondheim, Oslo og Bergen.

Les om Framtidsfylkets fire karrieremesser her: 
http://framtidsfylket.no/for-arbeidsgjevar/karrieremesser-2015/

Ein viktig arena for rekruttering og synleggjering
I ei tid kor kampen om dei klokaste hovuda er tøff, samstundes som fleire og fleire trekkast mot dei større byane, er det spesielt viktig for bedriftene i Sogn og Fjordane å synleggjere seg for studentar og jøbbsøkjarar. "Å ha stand på karrieremessene er ikkje berre for bedrifter som rekrutterer i 2015. Minst like viktig er det at både enkeltbedrifter, og næringslivet i fylket som heilheit, visar seg fram og posisjonerer seg slik at ein i framtida vil vere enda meir attraktive for talentar i heile landet" seier Gro Grukan.

Enoro AS har frå Dale i Sunnfjord etablert seg som ein marknadsleiande leverandør av software og tenester for energibransjen i Noreg og Norden. Med eit bevisst fokus på å vere tilstade der studentar og jobbsøkjarar er, har dei lukkast svært godt i å tiltrekke seg kompetent arbeidskraft. Country Manager Johhny Haugsbakk fortel at dette er ei av dei klare suksesskriteria for selskapet. "Vi har eit sterkt fokus på rekruttering, og vi er opptekne av å være synlege på fleire arenaer" seier Haugsbakk.

For spørsmål om Framtidsfylkets karrieremesser, ta kontakt med:
Gro Rukan - gro@framtidsfylket.no, 913 21 392