Yrkesfagleg utdanning er spydspissen i verdiskapinga

No er tida inne for dagens ungdomsskuleelevar å velje kva type utdanning ein vil satse på – kva skal ein bli når ein blir stor? Ikkje alltid like enkelt å ta eit slikt val i ein alder av 16 år.

Frå utdanningsmessa i Nordfjord i 2015.

Publisert 23.02.16

Sogn og Fjordane

Knut-Arild Flatjord, distriktssjef hos GK Sogn og Fjordane har skrevet dette innlegget som omhandlar val av studieretning. NHO Sogn og Fjordane heier på yrkesfaga og har fått lov til å trykke dette innlegget frå Flatjord.  

No er tida inne for dagens ungdomsskuleelevar å velje kva type utdanning ein vil satse på – kva skal ein bli når ein blir stor? Ikkje alltid like enkelt å ta eit slikt val i ein alder av 16 år. Spørsmål som kva er eg interessert i? Kva interesser har mine vener – bør eg velje det same? Kva utdanningstilbod er det i nærleiken av der eg bur? Og ikkje minst – kva vil mine foreldre at eg skal bli?

Noreg står framfor ei skikkeleg omstilling. Oljen, som har vore som ei sovepute for nasjonen, er no mindre verdt i kroner og øre. I dag er eit fat olje like mykje verdt som ein stor laks. Vi har ikkje utnytta den gode tida med stor pengestraum inn i statskassa til å sikre berekraftig næringsutvikling. Vi har ein alt for vaksen offentleg sektor ift. kva som blir produsert i den sektoren, blitt lite innovative og mykje av vår næring i Noreg i dag er knytt til oljen – og dette merkar vi no. Oljen vil framleis vere ei viktig næring for Noreg men inntekta vil vere betydeleg mindre. Oljebransjen internasjonalt, med OPEC i spissen, har drive ein shake-out for å få vekk dei mindre og ikkje like robuste oljeselskapa. Dette vil på sikt heve oljeprisen, men det er lite truleg at den kjem tilbake til det nivået vi har hatt. Vi må gjere omstillingar der vi sikrar ein meir effektiv offentleg sektor og skape ny og alternativ industri/næring som sikrar gode inntekter til statskassa også i framtida.

Fallet i oljeprisen har også nokre positive effektar. Sidan vi har ein «energi-valuta» så fell også kr-kursen når oljeprisen fell. Dette gir gode tider for eksportnæringa i Noreg som for eksempel aluminium- og fiskeindustrien. Endringa i kr-kursen gjer at fallet ikkje blir fullt så høgt og landinga mjukare, og er med på å gjere Noreg konkurransedyktig att.

I Sogn og Fjordane har vi ikkje vore gode nok når oljeindustrien var på topp og ikkje lagt til rette for eller tapt dragkampane med andre fylke om å få ein større del av oljekaka til fylket. Dette skal vi kanskje vere glade for akkurat no, men ein må ta læring av dette og gå saman for å legge til rette for at Sogn og Fjordane skal utvikle ein berekraftig industri og næring. At vi gjennom tett samarbeid mellom regionane i fylket skapar arbeidsplassar og eit attraktivt fylke som det blir kamp om å flytte til.

Så korleis skal vi få til dette? Det politiske skal eg ikkje komme inn på her. Satsing på yrkesfagleg utdanning er viktig for å få dette til. Det er dei med fag- og teknisk utdanning som skal vere med å bygge opp ny næring og industri. Vi må heve statusen til dei som vel denne vegen, for det er jo dei som verkeleg kan noko i praksis – for kva skal vi med ein flokk økonomar om det ikkje er nokon som skapar dei pengane dei likar å telje? Dei med yrkes- og teknisk utdanning er spydspissen for verdiskapinga i Norsk næringsliv. Eg trur mange vel høgare utdanning sjølv om dei helst kunne tenke seg ei fagutdanning, fordi det ikkje gir noko høg status å jobbe som vanleg fagarbeidar. Det tek seg liksom ikkje like godt ut på sosiale medium å skrive at ein berre har eit fagbrev. Dette er ei haldning vi må snu.

Ein les og høyrer historier om at rådgjevarar på ungdomsskulane (og andre) ikkje tilrår at elevar med gode karakterar bør velje yrkesretta utdanning men heller allmennfag for å ha «alle moglegheiter opne». Er det eigentleg nok fokus på kva moglegheiter ein med fagbrev i botnen har? For dei som vil er det ein skog av retningar ein kan ta gjennom kursing og etterutdanning via fagskular, høgskular, universitet og ikkje minst bedriftsintern kursing og vidareutdanning. Dette er fleksible utdanningar ein kan ta deltid, via nettstudiar eller heiltid. Med eller utan jobb ved sida av. Resultatet er i alle fall at ein vert særs ettertrakta i eit vidt spekter av bransjar og sektorar, privat som offentleg. Utgangspunktet for dette er fagutdanninga. Andre vegen kan ein ikkje ta eit fagbrev på deltid eller via nettstudiar. Så ved å velje allmennfag stenger ein i praksis nokre dører (dersom ein ikkje vil byrje heilt på nytt att) mens ein med eit fagbrev i grunn har alle moglegheiter. Ein registrerer at dei yrkesfaglege linjene på vidaregåande her i fylket har forholdsvis låge søkartal og er trua med nedlegging eller reduksjon i talet på klassar. Difor må ein gjere noko med dette før det skjer. Og det må byrje med å synleggjere godt nok kva moglegheiter ein faktisk har ved å velje yrkesfag.

Eg jobbar i dag som leiar for GK Sogn og Fjordane som er ein del av GK-gruppa, Noregs leiande totaltekniske entreprenør, og vi ser verkeleg behovet for dyktige framtidige medarbeidarar med yrkesretta utdanning. Vi tilset bl.a. teknikarar, montørar og ingeniørar innan energi, byggautomasjon, kulde, VVS og elektro. Dersom det er personar som har fagbrev, f.eks. gruppe L, vil desse komme høgt opp i søkarbunken. Det hjelper ikkje å ha gode karakterar frå allmennfag og ingeniør-/fagskulen dersom du konkurrerer med ein som har fagbrev eller yrkesretta bakgrunn – den kampen er som oftast tapt. Dette fordi dei er mykje meir fleksible, samt at dei har eit bevis på at ein faktisk kan fagområdet. Og har praktisk erfaring!

Innleiingsvis starta eg med valet som våre ungdommar no står ovanfor. Skal vi få eit samfunn som er konkurransedyktig må vi bygge ei plattform med rett blanding av alle typar utdanning – for til sist er alle like viktig. Yrkesfagleg utdanning er viktig for oss og må ikkje bli sett på som mindre verdt. Eg gjekk sjølv yrkesfagleg utdanning før eg gjekk vidare på ingeniørhøgskulen. Dette var, etter mi meining, den beste vegen til å ta ingeniørutdanninga. Vi treng dyktige personar i alle yrkesgrupper og med ulike utdanningar – ta den utdanninga du sjølv har mest lyst til og som sikrar deg jobb i framtida. For kva er vel meir spennande enn å få vere med på reisa som fylket no må legge ut på; å bygge opp meir og ny berekraftig industri og næring?

Lykke til med utdanningsvalet.

AV Knut-Arild Flatjord, GK Sogn og Fjordane