AML og mellombelse tilsetjingar

No treng vi ei arbeidsmiljølov for framtida. Ei lov som kan få fleire inn i arbeidslivet.

Publisert 24.09.14

Sogn og Fjordane, Vi meinar

Av Jan Atle Stang, regiondirektør NHO Sogn og Fjordane

Regjeringas framlegg om å modernisere Arbeidsmiljølova (AML) er noko NHO sine medlemsbedrifter har etterspurt lenge. Lova er nesten 40 år gammal og arbeidslivet har endra seg mykje på den tida. Desse endringane må også lovverket spegle.

Eitt av regjeringa sine framlegg er å gjere det litt enklare å tilsetje mellombels. Men, la det vere klinkande klart; fast tilsetjing skal framleis vere hovudregelen i norsk arbeidsliv. Ni av ti er i dag fast tilsette. Dei tilsette er bedrifta sin viktigaste ressurs og norske arbeidsgjevarar investerer mykje i kompetanseutvikling hos dei tilsette. Slik skal det framleis vere.

Men vi treng også å gjere det lettare å bli tilsett i ei bedrift. For det første har mange bedrifter behov for mellombels tilsette i periodar. Det kan vere at dei skal lansere eit nytt produkt utan å vite om det slår an, etablere seg nye stader eller opprette nye filialar utan eksakt å vite korleis satsinga blir tatt i mot. Med dei føreslåtte endringane blir risikoen for bedriftene noko redusert, og ein legg betre til rette for verdiskaping, konkurransekraft og dermed framtidige arbeidsplassar.

For det andre kan ein mellombels stilling vere eit springbrett inn i arbeidslivet og fast jobb for dei som står utanfor, og som treng arbeidserfaring og naudsynt kompetanse. Auka sjanse for mellombelse tilsetjingar syter for det.

NHO blir ofte møtt med argument frå fagrørsla om at ei oppmjuking av reglane for mellombelse tilsetjingar vil gjere det vanskelegare for unge å få fast jobb, eller at dei svakaste gruppene får det verre på arbeidsmarknaden. Det trur eg ikkje vil skje. Vi kan sjølvsagt ikkje vedta at det skal bli fleire jobbar i privat sektor, men vi kan legge til rette for at det skal bli det, mellom anna ved å minimere risikoen ved å tilsetje, ved å satse.

For mange er nemleg ikkje fast tilsetjing alternativet til ei mellombels tilsetjing. Alternativet er ofte inga tilsetjing i det heile. Mellombels-ordninga kan dermed skape den brua som trengst for i det heile å komme inn i arbeidslivet.

Eit anna motargument eg møter, er at dette har andre land prøvd før med negativt resultat. Men ingen andre land har innført dei same avgrensingane for mellombelse tilsetjingar. NHO foreslår nemleg at det skal vere muleg å tilsetje mellombels i 12 månader, med ei påfølgjande karantenetid på seks månader. Dette er nytt. Det betyr at det ikkje skal vere muleg at éin mellombels tilsett erstattar ein annan mellombels tilsett i same stilling. 

I følgje NHO si arbeidstidsundersøking frå 2013 seier to av tre bedrifter at dei har eit udekka bemanningsbehov i periodar. Nær 60 prosent av bedriftene seier at dei vil tilsetje fleire dersom lova opnar for at det blir enklare å tilsetje mellombels. Med andre ord; vi vil få fleire stillingar på lengre sikt. For meg handlar dette om å vere rusta til å møte framtidas utfordringar!