Ei naudsynt modernisering

Regjeringa lanserte i førre veke fleire punkt til endringar i Arbeidsmiljølova (AML). Det er på høg tid at AML kjem i takt med tida vi lever i.

Publisert 23.06.14

Sogn og Fjordane, Vi meinar

Av Jan Atle Stang, regiondirektør NHO Sogn og Fjordane

Nokre av endringane har skapt meir rabalder enn andre. Ikkje minst fordi uroa for endring ser ut til å vere stor i deler av norsk organisasjons- og arbeidsliv. Dette sjølv om endringane kan opne opp for at fleire, som elles ville stått utanfor arbeidslivet, lettare vil få ein fot innanfor det same arbeidslivet med det nye lovverket. Dei viktigaste endringane som no er gjort framlegg om går nemleg ut på å gjere det lettare for private bedrifter å tilby midlertidige tilsetjingar, samt tilby meir fleksibel arbeidstid.

 NHO er svært positive til regjeringa sine framlegg på dette området. Endringane er bra for heile næringslivet, både arbeidstakarar og arbeidsgjevarar. I forslaga ser vi at regjeringa no freistar å tilpasse AML til dagens arbeidsliv med auka fleksibilitet for alle partar. Det er ikkje snakk om store, dramatiske endringar, slik nokre har hevda, men ei tilpassing av eit 40 år gammalt regelverk til dagens behov i arbeidslivet. Ikkje minst i Sogn og Fjordane, med mange private, industrielle aktørar, bygg og anlegg, sesongarbeid, etc, vil ei modernisering av AML kunne gje positive utslag, både for bedriftene og for dei som vil inn i arbeidslivet. 

NHO er som sagt positiv til at Regjeringa ønskjer å gjere det lettare for bedriftene å tilsette midlertidig, men er likevel klinkande klar på at fast tilsetjing skal vere hovudregelen i norsk arbeidsliv.

Det ligg dessutan inne ei tidsavgrensing. I framlegget Regjeringa har lagt fram blir det opna for full tilgang til midlertidig tilsetjing i inntil ni evt. 12 månader. Regjeringa har også sett nokre avgrensingar som skal hindre misbruk:

  • Ikkje midlertidige arbeidstakarar fleire gonger etter kvarandre for å utføre same arbeid  (utover 9 evt. 12 mnd).
  • Ikkje tilgang til å erstatte ein midlertidig tilsett med ein annan midlertidig tilsett for å utføre   same jobb.
  • Karantene for forlenging av midlertidig tilsetjing. 

For bedrifter under omstilling eller nyetablering vil endringa gje mulegheiter for å tilsette midlertidig arbeidskraft i periodar der det er vanskeleg å sjå føre seg det eksakte behovet for arbeidskraft på sikt. 

Endringa vil også gje dei som står utanfor arbeidslivet ein sjanse til å komme inn i ein jobb og vise kva dei faktisk er gode for. Dei får ein viktig fot innanfor, som vi seier. Midlertidige tilsettingar resulterer ofte i fast tilsetting, og om så ikkje skjer, så er det uansett ei verdfull erfaring å få med seg på CVen for dei som ikkje har vore i arbeid på ei stund, eller tidlegare. Dette vil gje langt større mulegheiter for dei som står utanfor arbeidslivet i dag og vere ein viktig inngangsport til arbeidslivet.

 Arbeidsløysa i Norge er framleis svært låg, og i Sogn og Fjordane er den under gjennomsnittet. Likevel er det viktig at alle hender kjem i arbeid, også dei som ikkje blir registrerte på arbeidsløysestatistikken. Vi har nemleg mange som i dag har si innkome frå attføringsbedrifter og NAV men som både kan og vil prøve seg ute i arbeidslivet, om dei får sjansen. Midlertidigheit kan opne opp for denne gruppa.

Mange arbeidsgjevarar ønskjer også å prøve ut nye arbeidstakarar som ikkje har utdanning eller erfaring å skilte med, men slik lova er og blir praktisert i dag, har det blitt sett på som vanskeleg å få til ein god praksis på dette området. Ei modernisering av AML gir derfor nye mulegheiter for begge partar. 

Når det gjeld meir fleksible arbeidstidsreglar, er dette noko NHO har jobba for lenge. Vi meiner no å ha fåttgjennomslag for viktige forslag om eit meir fleksibelt regelverk. Nær halvparten av medlemsbedriftene våre seier då også at dei har utfordringar med  arbeidstidsreguleringane.

Utvida grenser for gjennomsnittsberekning av arbeidstid legg til rette for meir fleksible arbeidstidsordningar. Dagens regelverk er gammaldags og ikkje utforma med tanke på dagens arbeidsliv. Fleire av punkta i dagens regelverk er dessutan så strenge at dei i praksis er svært krevjande å følgje.

I denne samanheng er det også rett å presisere at vi meiner det er positivt at Arbeidstilsynet no får tilgang til å godta avvikande arbeidstidsordningar. 

Detaljregulering av arbeidstida legg unødvendige hindringar i vegen for ei sunn og lønsam drift i næringslivet. Bedriftene etterspør meir fleksibilitet og mange arbeidstakarar ønskjer større fridom. Kvifor skal nokon då hindre slik fleksibilitet? Regjeringas foreslåtte endring gjev tilgang til ei anna fordeling av arbeidstida. Endringa inneber at den einskilde arbeidstakar kan jobbe meir enn grensa for såkalla alminneleg arbeidstid i periodar mot tilsvarande kortare tid i andre periodar. Dei tilsette vil sjølvsagt ha fri med tilstrekkeleg kvile mellom dei periodane dei jobbar lengre. Dette vil få stor betydning for m.a. mindre bedrifter og bedrifter med store sesongsvingingar. 

Endringane vil ikkje vere ei rasering av lova, slik fleire har påstått, men gje auka fleksibilitet som samsvarar med dagens røyndom, dagens arbeids- og næringsliv. Fleire av reglane i AML kan med fordel forenklast og forbetrast på ein slik måte at omsynet til arbeidstakaranes helse og tryggleik blir godt ivaretatt.

NHO Sogn og Fjordane ser fram til modernisering, forenkling og meir fleksibilitet i arbeidslivet.

Kontakt oss

Jan Atle Stang

Regiondirektør

jan.stang@nho.no
Telefon
90576419