Kampen om opphogging er godt i gang

Petroleumsaktiviteten er langt frå forbi på sokkelen vår, men det er levetida til ein del av produksjonsmidlane. Kampen om opphoggingsoppdraga er dermed i full gang, men kvar er vi?

Publisert 09.03.14

Sogn og Fjordane

Av Jan Atle Stang, regiondirektør NHO Sogn og Fjordane

I Sogn og Fjordane er Lutelandet i Fjaler peika ut til å vere det industriområdet som skal rive ned gamle og avdanka oljeinstallasjonar frå norsk sokkel. Marknaden er spådd å vere enorm, og ringverknadene store for dei selskap og område som får oppdraga med rivinga. Difor er det enormt viktig at vi står samla i fylket om Lutelandet som stad for denne satsinga, og at vi synleggjer interessa og evna til å ta på oss dette arbeidet i langt sterkare grad enn tilfellet har vore til no. Det er med andre ord altfor stille kring dette som bør vere ei storsatsing.

NHO Sogn og Fjordane er ikkje i tvil om at interessa i fylket er til stades for å få til stor industriell aktivitet på Lutelandet innan dette segmentet, men samanlikna med den posisjoneringa som no skjer både i Rogaland og Hordaland på dette næringsområdet er det dørgande stille kring Lutelandet. Alt tyder på at toget står på perrongen og er i ferd med å gå. Det vil vere svært uheldig om vi kjem for seint også til dette toget.

Truleg er noko av utfordringa vår at vi ikkje har store, framoverlente og kapitalsterke industrielle aktørar som står klar for slike oppdrag, med Lutelandet som base. I alle fall kan mykje tyde på det. Det problemet har dei verken i Rogaland eller Hordaland, der t.d. Rosenberg si gamle systerbedrift Bergen Group Hanøytangen står klar med øksa og speidar etter opphoggingsobjekta som kjem flytande mot land. Bergen Group er bokstavleg talt på hogget i denne businessen; for eit par-tre veker sidan kjøpte selskapet som kjent opp Scanmet, som har spesialisert seg akkurat på demoleringsprosjekt med hovudfokus på offshorekonstruksjonar.

Aker Solution står også klar, ikkje minst for å gjere ingeniørarbeider i framkant av opphogginga. Dei har allereie byrja arbeidet med fjerninga av Frigg frå sokkelen, samt Murchison frå britisk side.

Fram til no er det eit par-tre selskap som har peika på opphogging av brukte plattformer og installasjonar på sokkelen som eit verkeleg satsingsområde. Det er Scanmet, Kverner Stord og AF Decom. Men ekspertane meiner at det berre er eit tidsspørsmål før andre og større aktørar kjem på banen. Marknaden er nemleg gigantisk både når det gjeld fjerning av installasjonar, sikring av brønnar, samt opphogging. Direktør Espen Norheim i revisjonsselskapet EY har sagt at når marknaden byrjar røre på seg får ikkje dei tre nemnde selskapa som til no har vist størst interesse ha marknaden for seg sjølv. Då kjem dei store og tunge inn i bildet. For her er det store pengar å hente; og mange arbeidsplassar over lang tid.     

Det er i dette landskapet Lutelandet skal manøvrere. Det er i denne marknaden ein skal konkurrere om oppdrag, kompetanse og kapital. Og det er såleis i denne marknaden ein lyt vere på hogget i høve til å skaffe seg gode og kapitalsterke industrielle samarbeidspartnarar som er villige til å legge aktiviteten til ytre Fjaler. Er vi der? Er vi i rute?

NHO Sogn og Fjordane si uro er som sagt at vi skal komme for seint på toget. At andre skal stikke av med godbitane før vi har fått summa oss. Då er vi ferdige, for dette toget går fort og det vil berre stanse på kjende og posisjonerte stasjonar som lokføraren veit vil kunne levere varene han etterspør.

Vi håpar at vår uro er ugrunna og at alt er på stell kva offensive strategiar, relasjonar og avtaler med sterke industrielle og finansielle aktørar vedrører. Vi håpar altså at ein er "hands on" i denne prosessen. Men det er ofte eit faresignal når det blir for stille kring ei satsing av denne typen. Pt. er det altfor stille kring Lutelandet som demoleringslokasjon. Dersom vi skal ha ein sjanse må det etter vår meining langt meir synleggjering til, og samarbeid på tvers av forvaltningsgrenser, bedriftsgrenser og kompetansegrenser. Vi må stå klar på kaikanten, speidande utover havet etter rivingsobjekt; med alt verktøyet som trengst klappa og klart i handa. Er vi der?

Kontakt oss

Jan Atle Stang

Regiondirektør

jan.stang@nho.no
Telefon
90576419