Ta minerala på Engebø i bruk no!

Ingen skal påstå at det er lett å starte næringsaktivitet i Sogn og Fjordane. Ikkje ein gong aktivitet som er tufta på noko vi har svært mykje av, stein.

Publisert 11.11.14

Sogn og Fjordane, Vi meinar

Av Jan Atle Stang, regiondirektør NHO Sogn og Fjordane

 Men etter åtte år med fram- og tilbakemanøvrar, utgreiingar og analysar, er tida no inne for regjeringa å gje startsignal for det store og viktige mineralprosjektet på Engebø i Naustdal. Etter at bl.a. Det Norske Veritas (DNV), Havforskingsinstituttet og Miljødirektoratet har kome med sine analysar og rapportar, viser det seg at det kun er usikkerheita kring djupvassartane skolest, blålanga, pigghå og spisskate som står att. Faren for at desse må finne seg andre område å leve på i fjorden er til stades. Men i følgje Havforskingsinstituttet (HI) sin eigen konsekvensrapport av 2008, heiter det m.a.:

"Verdien av fiskebestandene i Førdefjorden er vanskelig å vurdere. Prøvefisket har ikke dokumentert kommersielt interessante forekomster av fisk i dypbassenget i særlig grad, men fiskebestandene har sannsynligvis en viss rekreasjonsverdi for fritids‐ og sportsfiske og en kommersiell verdi for området gjennom et eventuelt turistfiske. Rødlisteartene pigghå, blålange og vanlig uer som ble tatt underprøvefiske hører til, og blir sannsynligvis rekruttert fra bestander i tilgrensende, større havområder og det drives fremdeles et kommersielt fiske i disse områdene. Forekomsten av disse artene i Førdefjorden er på ingen måte unik, man vil finne disse i flere av nabofjordene, og har en marginal betydning i forhold til resten av bestandene."

 Som ein skjønar er ikkje desse artane unike i Førdefjorden, meiner HI. Og for eigen del kan eg seie at det vil vere noko råflott å la vere å etablere fleire hundre arbeidsplassar over 50 år på grunn av rekreasjonsfiskeri.

Når det gjeld Miljødirektoratet sine vurderingar, fortel dei at det ikkje er spreiingsfare i samband med deponi av restmassar. Dette har blitt påstått av mange, ja, nokre har til og med snakka om spreiing frå Førde til Alden. Denne absurde skremselspropagandaen har direktoratet avvist.

I tillegg har det kome godt fram at påstandane om giftutslepp ikkje er reelt. Det Magnaflocnummeret ein skal bruke som bindemiddel på fjordbotnen er altså ufarleg. Det er likevel godt eigna som skremselspropaganda. Bruk av kjemikaliar vekkjer alltid uro, sjølv om det blir brukt over heile verda til vassreinsing og anna.

Sett opp mot samfunnsverdien av mineralprosjektet på Engebø, kan eg ikkje skjøne anna enn at statsråd Jan Tore Sanner må gå for dette enormt viktige prosjektet for regionen, fylket og nasjonen. Auka bruk av minerala våre her i landet er jo noko som har vore prioritert og fått stor merksemd, ikkje minst gjennom ei eiga mineralmelding. Dersom dette prosjektet får nei frå regjeringa, blir det vanskeleg å seie ja til noko anna mineralprosjekt. Engebø er av dei mest  samfunns- og bedriftsøkonomisk lønsame mineralprosjekta i landet, og eit prosjekt som vil ha enormt mykje å seie for distriktet vårt. Ikkje minst i høve til leverandørutvikling og innovasjon knytt til utvinning og deponi. Her ligg det grunnlag for så vel forsking som vidareforedling. I tillegg kjem det at titan er eit svært etterspurt produkt på verdsmarknaden, ikkje minst innan medisin.

Når det gjeld viktigheitar av dette prosjektet for distriktet vårt, blir dette godt dokumentert gjennom  SINTEF-rapporten som Sunnfjord Næringsutvikling AS tinga for ei tid tilbake. Her heiter det m.a.:

"De samfunnsmessige virkningene utover selve inntjeningen på anlegget genereres i første omgang gjennom innkjøpene fra næringslivet for øvrig og lønn, dvs. driftskostnadene. Dette kommer til uttrykk ved lønnsinntekter pluss skatt og avgifter som tilfaller alle de 170 sysselsatte, samt salg av varer og tjenester fra ulike underleverandører til anlegget.(…) Dette innebærer at anlegget alt i alt vil bidra med mellom 530 og 570 mill. NOK pr. år i samfunnsmessig verdiskaping i Engebøfjellregionen."

Eg har lenge visst at det kan vere vanskeleg å drive nærings- og industriutvikling i dette landet. Denne saka har versert i snart ti år i det norske byråkratiet og fleire titals millionar er brukt av Nordic Mining. Etter kvart som prosjektet har skrede fram står ein der at det kan vere negativ påverknad for fire marine artar som er hovudproblemet, men at også dette er usikkert. Dei andre utfordringane er så og seia lukka, eller kan følgjast opp via miljøovervaking/krav til selskapet i utsleppsløyve/løye etter minerallova.

Kontakt oss

Jan Atle Stang

Regiondirektør

jan.stang@nho.no
Telefon
90576419