Godt døme på inkluderande bedrifter

Nicolay Sandvoll er praksiskandidat hos Safeclean, Hydro og Nyrstar i Høyanger. - Det er ikkje kult med "ferie" i eitt år, difor er dette ein flott mulegheit for meg.

Godt kameratskap mellom mentor i Safeclean Tore Korneliussen (t.v) og Nicolay Sandvoll, praksiskandidat.

Publisert 30.04.15

Tysdag 20. april reiste NHO Sogn og Fjordane til Høyanger på bedriftsbesøk til industriverksemdene Safeclean, Hydro og Nyrstar. Saman med Norsk Industri, Fellesforbundet og Industri Energi fekk vi i løpet av to dagar omvising i dei ulike bedriftene og høyre om deira IA- arbeid (inkluderande arbeidsliv) og korleis dei tek samfunnsansvar ved å gje arbeidslaus ungdom 1 års arbeidspraksis.

Ny modell
Høyanger- verksemdene i samarbeid med NAV arbeidslivssenter og NAV lokalt har utvikla ein ny modell for å gje arbeidspraksis til ungdommar i alderen 18-30 år som av ulike årsaker står utan jobb. Verksemdene samarbeider om å utgjere ein «opplæringsloop», som gjer at unge vaksne får prøve seg 4 månader i alle dei tre bedriftene, og får variert jobberfaring og mulegheit til å vise seg fram.

Motivert ungdom
Ungdommane må gjennom gruppeintervju før bedriftene vel ut kandidat til arbeidspraksis. Med dette legg bedriftene krav til kandidaten om å vise engasjement. - 'Det er givande å sjå ungdom som av ulike årsaker ikkje har kome seg i arbeid eller starta skule, bli motivert til å ta i eit tak for å gjere ein god jobb', seier May Britt Torsnes, HR- Manager i Nyrstar.

Samarbeid
Gjennom satsinga 'Jobbstrategi' har Safeclean, Nyrstar og Hydro fått ein unik sjanse til å samarbeide og bli betre kjente med kvarandre. Saman med NAV er dei no i dialog med fleire bedrifter i Høyanger for å etablere fleire 'loopar'. 'Med dei positive erfaringane vi har gjort sidan oppstart i haust, trur eg vi kan sei modellen er vellukka og vil gjerne invitere fleire bedrifter i fylket med for å bidra til at arbeidslaus ungdom kjem seg i arbeid', seier Heidi Myrvold, NAV Arbeidslivssenter.

NHO Sogn og Fjordane vil rose det gode samfunnsengasjementet til dei tre industribedriftene i Høyanger og det gode samarbeidet dei har med NAV. 

Ønskjer du vite meir om prosjekt 'Jobbstrategi', kontakt heidi.myrvold@nav.no eller may.britt.torsnes@nyrstar.com

 

Kontakt oss

Marit Gjerstad

Rådgiver

NHO Sogn og Fjordane

marit.gjerstad@nho.no
Telefon
93663860
Siri Laquian Stavang

Prosjektleder

NHO Sogn og Fjordane

siri.stavang@nho.no
Telefon
98031949