Finaleklar handverksøl frå Florø

3. september var vi på besøk hos Kinn Bryggeri i Florø, som to dagar før hadde kvalifisert seg til finalen i Bryggeribråk

Publisert 03.09.14

I Bryggeribråk kjempar norske bryggjerier om å bli landets beste til å sette øl til mat. Kinn Bryggeri fra Florø har no komme seg heilt til finalen der dei møter Ringnes til duell 22. september.

Kinn Bryggeri vart starta i 2009 av Espen Lothe. Fem år seinare nyt heimebryggjaren stor suksess som gründer og leiar for eit bryggjeri som no også skal ut i verda. "I første omgang er det Sverige, Finland, Spania og Brasil vi vil eksportere til" seier Lothe.

Marit Gjerstad i NHO har følgt Kinn Bryggeri frå starten, og kallar Lothe for ein mønstergründer. "Han har på mange måtar gjort alt rett. Han tok det steg for steg og utarbeida gode forretningsplanar og marknadsplanar. I tillegg var timingen perfekt. Det var veldig moro å besøke dei i dag, og sjå den utviklinga dei har hatt sidan starten."

Heimesida til Kinn Bryggeri

Meir info om Bryggeribråk

Kontakt oss