På besøk i Stryn og Innvik

Torsdag 28. november var NHO Sogn og Fjordane på besøk i Stryn og Innvik for møte med både kommunen og næringsliv.

NHO Sogn og Fjordane, Stryn Næringshage og HS Bygg hos Stryn Kommune.

Publisert 02.09.14

Hos kommunen blei NHO si satsing leverandørutvikling presentert og diskutert med representantar frå Stryn kommune, Stryn næringshage og HS bygg. Leverandørutvikling er eit nasjonalt program som fokuserer på Innovative innkjøp som drivkraft til næringsutvikling. Det er eit samspel mellom det offentlege og leverandørar, kor det offentlege leggje til rette anskaffingsprosessar som kan utfordre ulike leverandørar.

I Stryn møtte vi også Pretre som er landets største produsent av takstol. Her fikk vi nyttig innsikt i ein spennande verksemd i vekst, samtidig som dagleg leiar Eivind Hopland fikk høyre litt om NHO, og NHO Sogn og Fjordanes satsingar.

Dagens siste stopp var hos Skogstad der vi i deira lokalar i idylliske Innvik møtte Henning Skogstad, dagleg leiar i den over 70 år gamle familiebedrifta. Han kunne mellom anna fortele om den nye sponsoravtalen med den britiske fotballklubben Cardiff som blir trena av Ole Gunnar Solskjær. Ein avtale som har fått stor oppmerksamheit heime, og som forhåpentlegvis kan føra til vidare framgang for satsinga i Storbritannia. 

Kontakt oss

Marit Gjerstad

Rådgiver

NHO Sogn og Fjordane

marit.gjerstad@nho.no
Telefon
93663860
Siri Laquian Stavang

Prosjektleder

NHO Sogn og Fjordane

siri.stavang@nho.no
Telefon
98031949