Roadtrip Nordfjord – etappe 1

Tidleg måndag morgon landa flyet frå Oslo heilt presist, og vi kunne plukke opp Thomas Felde frå NHO sentralt og Cecilie Skarning frå Norsk Industri på flyplassen i Florø. NHO Sogn og Fjordane ville gjerne vise fram nokre av bedriftene i Sogn og Fjordane og ikkje minst, vise Thomas Felde ymse vegar i Fjord-fylket.

Inne på verket, Elkem Bremanger i Svelgen.

Publisert 02.07.15

Thomas Felde jobbar med samferdsle i NHO sentralt, og det passa difor greitt med ein liten roadtrip og for å diskutere samferdsle med bedriftene. Cecilie Skarning er fagsjef innan kjemikaliepolitikk hos Norsk Industri.

Første pit-stopp var hos Elkem Bremanger. Her tok plassjef Arne Werge-Olsen oss imot og ga oss ein presentasjon av selskapet. Elkem i Svelgen har om lag 190 faste tilsette og med underleverandørar er det totalt 240 som jobbar på fabrikken. Tar ein med kva dette betyr for lokalsamfunnet kan ein multiplisere talet med 3, så det herskar liten tvil om at Elkem Bremanger er særs viktig for Svelgen.

Elkem produserer silisium. Dette produktet blir vidare brukt for å lage solcellepanel, smart-telefonar, bremseskiver, skotsikre vestar, pc og lesebrett, og andre produkt. I alle smart-telefonar er det 3 gram med spesialproduktet silgrain frå Elkem Bremanger.

NHO har laga ein video om Elkem Bremanger.   

Vegen til Svelgen er svingete og smal, det tar om lag 60 minuttar frå Florø til Svelgen, og om vintaren er det ingen kjekk køyretur. Med tanke på rekruttering er det for  Elkem Bremanger viktig å ha eit stort bu- og arbeidsområde. Ved å knyte saman Svelgen med Florø og Førde betre enn det er i dag vil ein auke mulegheitane at fleire kan pendle mellom stadane.

Etter ein interessant tur på verket satt vi oss i bilen og køyrde vidare mot fergjeleiet Oldeide-Måløy. Her er deler av vegen ny og ein har fått fastlandsforbinding via ein undersjøisk tunnel som på det djupaste er 80 meter under havoverflata. Byen Måløy opna seg mot oss og vi satt kursen mot Båtbygg på Raudeberg.

Gjengen hos Båtbygg AS i Måløy

Hos Båtbygg møtte vi adm.dir Kjell Inge Sjåstad og økonomisjef Trond Gangsø. Båtbygg vart skipa i 1943 og er eit av Norges leiande verft for ombygging, reperasjon og utrustning av fartøy. Dei har om lag 80 tilsette. Hovudaktiviteten er ombygging og reperasjon av fiskebåtar, brønnbåt og noko innan offshore fartøy. Dei omset for vel 200 millionar i 2014 og har mange faste kundar. Det er eit effektivt verft med korte avstandar mellom dokk/slipp og dei ulike verkstadsareala.

Sidan vi har med Cecilie og Thomas må vi også vere litt turistar og vise dei ymse attraksjonar. I Måløy vart det ein tur ut til Kannesteinen der Jan Atle Stang fekk teste sjølvistanga.

Kannesteinen utenfor Måløy

Kontakt oss

Jan Atle Stang

Regiondirektør

NHO Sogn og Fjordane

jan.stang@nho.no
Telefon
90576419
Marit Gjerstad

Rådgiver

NHO Sogn og Fjordane

marit.gjerstad@nho.no
Telefon
93663860