Roadtrip Nordfjord – etappe 2

NHO Sogn og Fjordane fortsetter på sin mini-turne saman med NHO og Norsk Industri. Turen går vidare innover i fylket langs dei flotte fjordane og høge fjella.

Støping av baderomsmøblar hos Strukturplast

Publisert 03.07.15

Vi kom til Nordfjordeid seint måndags kveld etter køyreturen frå Måløy og sjekka inn på Nordfjord hotell. Hotellet imponerte med sitt tydelege fokus på samfunnsansvar og miljø. Hotellet hadde nyleg fått fornya si Svane-godkjenning, og det var godt synleg.

Under frukosten var Rune Taklo frå Frislid konfeksjon AS med. Konfeksjonsbransjen i Norge har ein gong i tida vore ein arbeidsplass for særs mange, men i dag er produksjonen flytta ut av landet. Ein har fleire sterke norske merkenamn innan konfeksjonsbransjen, der Frislid er ein av dei. Frislid konfeksjonsfabrikk vart stifta i 1946 på Nordfjordeid. I dag kjøpar dei stoff i Italia og produserer herreklede mellom anna i Lithauen. Kleda blir så frakta til Norge der dei blir distribuert vidare rundt til butikkane og blir selt til kvalitetsbevisste menn i vårt langstrakte land.

Etter sterke anbefalingar vart val av trasé lagt langs den såkalla panoramavegen, langs Utfjorden. Sidan ferja frå Lote gjekk i det vi kom ned passa det fint med ein liten omveg. Det var også meininga, då vi har med NHO sin samferdsleekspert Thomas Felde.  

Strukturplast
Dagleg leiar Frode Lindvik hos Strukturplast.

Etter ein kjapp lunsj hos Bakar Jon på Byrkjelo kom vi til Sandane der Strukturplast venta. Strukturplast er ein særs spennande bedrift. Dei designar og produserer plastprodukt som kan erstatte betong og stål. Dei har ved fleire anledningar trykktesta produkta, og deira plastprodukt kommer særs godt ut. Produkta kan mellom anna bli brukt til fendring på kaianlegg og båtar,
Strukturplast har utvikla si eige merkevare NORSelast®. Strukturplast hevdar på bakgrunn av dokumenterte eigenskaper at NORSelast® er eit av verdas sterkaste elastiske material. Det har ei forventa levetid på 50 til 70 år i maritime miljø. Strukturplast kan skreddarsy løysingar i lag med kunden. Her er det mange mulegheiter innan subsea og andre bransjar. På Sandane jobbar det no 17 personar og vel 60 % av produksjonen deira går til å produsere baderomsmøblar til selskapet BANO.

Brødrene AA
Hos Brødrene AA.

Siste stopp på vår vesle rundreise var hos Brødrene AA i Hyen. Midt i mellom høge fjell og ved fjorden ligg det imponerande verftet som byggar ulike typar båtar. I hallen no var det ein luksusyacht som skal vidare til Palmer Johnson i USA og to passasjerbåtar. Brødrene AA har levert 6 båtar i 2014 og skal levere 4 i 2015. Dei har nyleg signert ny kontrakt med The Fjords og skal bygge den unike båten 'Seasights' som skal betjene turistane i Nærøyfjorden. Brødrene AA byggar båtar heilt frå starten. Dei nyttar Karbonfiber som gir fartøya gode eigenskapar i form av lett vekt som igjen reduserer bruk av drivstoff og ein får mindre utslepp av CO2 og NOx. Båtane har også reduserte vedlikehaldskostnadar og ein høg 2.handsverdi. Det er vel 140 tilsette ved verftet i Hyen, og er ein viktig arbeidsplass i Gloppen kommune. Brødrene AA får mykje levert via lastebil, og då er det vel ingen tvil om at dei gjerne kunne tenke seg at vegen mellom Hyen og Grov vart betre.

Og det var nettopp denne vegen, fylkesveg 615, vi køyrde vidare. Vår samferdslemann Thomas konkluderte raskt med at dette var den verste strekninga vi hadde køyrd så langt, men det var òg mykje artig langs vegen…

Utfordringar langs vegen