Skogen Lund imponert over bedriftene våre

Administrerande direktør i NHO, Kristin Skogen Lund, var både imponert og stolt over bedriftene ho vitja i Sogn og Fjordane 18. mai.

Bedriftsbesøk

Kristin Skogen Lund på besøk hos Westcon Yards i Florø. T.v Plassjef Mikael Johansen, Regiondirektør NHO Vestlandet, Tom Knudsen, Adm.dir i NHO, Kristin Skogen Lund, Regiondirektør NHO Sogn og Fjordane, Jan Atle Stang og lærling Knut Hallvard Tysse. Fotograf: Silje Rødeseike

Publisert 22.05.17

Bedriftsbesøk

– Det er så mykje nytenking og skaparkraft i desse bedriftene. Eg blir både stolt og glad når eg møte så engasjerte og positive bedrifter, sa Skogen Lund.

Det var ein opplagt og engasjert NHO-sjef som landa på Florø Lufthamn om morgonen 18. mai. Direktør i Norsk Industri, Knut E. Sunde, var også med i reisefølgjet. Turen gjekk først til Westcon Yards i Florø, der Skogen Lund møtte administrerande direktør Øystein Matre og plassjef Mikael Johansen. Matre hadde kome eins ærend frå Ølen i Rogaland for å ta imot Skogen Lund på verftet sitt. I tillegg var ordførar Ola Teigen (Ap) til stades for å dele nokre utfordringar og mulegheiter Florasamfunnet har på næringssida. Under synfaringa på verftsområdet deltok også røyrleggarlærling Knut Hallvard Tysse frå Bulandet. Westcon er ei bedrift som ser viktigheita av å ta inn mange lærlingar, noko også NHO er svært opptatt av.

Deretter gjekk turen til Nordfjord og Brødrene Aa, der administrerande direktør Tor Øyvind Aa serverte lunsj og fortalde om den spennande og framtidsretta familieverksemda inst i Hyenfjorden. Her vart det også tid til ei runde kringom på anlegget. Kristin Skogen Lund fekk sjå og høyre om ein svært innovativ og unik båtproduksjon; ikkje berre i landsmålestokk, men også i verdssamanheng. Aa fortalde m.a. om eigenskapane til karbonfiber og om kva positiv betydning deira produkt har for klima og økonomi.

– Dette er dyktige ingeniørbedrifter som byggjer ting forbunde med havet, det vere seg båtar, undervannsinstallasjonar eller skip. Dei gjer det miljøvennlig, dei er langt framme og dei har klart å omstille seg sjølv om marknaden har endra seg dei siste åra. Eg blir imponert over å sjå all den skaparkrafta, positiviteten og profesjonaliteten som er her, seier Skogen Lund.

#205

#120 Fotograf: Silje Rødeseike

Sandane var neste stopp for NHO-sjefen. Her fekk ho høyre frå to andre innovative og framoverlente medlemsbedrifter, Strukturplast og Melin Medical. Skogen Lund syntes det var bra at Melin Medical har klart å flytta hovudkontoret frå Oslo tilbake til Sandane og at dei ikkje har noko problem med å finna kompetent arbeidskraft lokalt.

Det var ein ganske imponert NHO-sjef som kunne avslutte dagen med ei runde i produksjonslokala til Strukturplast, der dei m.a. lagar solide plastkomponentar til marin- og maritim sektor.