Spennande besøk i Luster

Regiondirektør i NHO Sogn og Fjordane, Jan Atle Stang, besøkte nyleg bedriftene Luster Mekaniske Industri (LMI) i Gaupne og Fjordglas i Luster. Stang hadde samtaler med dagleg leiar i LMI, Geir Øren, og dagleg leiar i Fjordglas, Robert Veum.

Dagleg leiar i LMI Geir Øren prøver å halde aktiviteten oppe utan å permittere eller seie opp folk, trass i krevjande tider

Publisert 25.06.15

LMI
Geir Øren fortalde om ei bedrift som har krevjande tider i og med at den er leverandør til offshorenæringa, men at dei prøver å halde aktiviteten oppe utan å permittere eller seie opp folk. Fordelen no er at dei aller fleste kundane har aktivitetar i Mexico, Egypt og Afrika.

LMI er 100% eigd av OneSubsea og har 61 tilsette i dag. Av desse går 12 stk. i ein turnus for monteringsarbeid i Bergen. Dei har tre lærlingar innan industrirøyrlegging og spesialsveis. LMI omsette for 88 mill. i 2014, og vil nok få ein reduksjon til 50-60 mill i 2015.

Produksjonen er i hovudsak kopling/bending/sveising av spesialrøyr som skal tole svært sterkt trykk på havbotnen. Ved anlegget i Gaupne gjennomfører dei også trykktest og røntgenfotografering av produkta, som i hovudsak går ut av bygda og til Sandsli/Bergen med trailer.

LMI har eit veldig godt forhold til Luster kommune, og eigaren, OneSubsea, satsar på verksemda innerst i Sognefjorden.

Fjordglas
Dagleg leiar Robert Veum kunne fortelje at bedrifta nettopp har feira 20-årsjubileum, og at dei no har 17 tilsette i ei svært konkurranseutsett næring.

Artikkelen held fram under bildetRobert Veum, dagleg leiar i 20-årsjubilanten Fjordglas

Fjordglas produserer vindauge, dører og portar, og omset for 30 mill (2014) og vil gjere det same i 2015. Driftsmarginen ligg pt. på kring  10%. Veum ser positivt på framtida og har nyleg investerte 20 mill i ny teknologi for å effektivisere produksjonen.

Den nye teknologien gjer til at ein kan halde kostnadene nede, og produsere større volum utan samstundes å måtte auke personalkostnadene. Det er viktig for ei næring som opererer i ein marknad med mange tilbydarar frå både inn- og utland.

Denne delen av trevareindustrien opplever også konkurranse frå fabrikkar i Norge som har utanlandsk eigarskap. Når desse utanlandske eigarane, i motsetnad til dei norske, heller ikkje er pålagde å betale formuesskatt, er det klart at dei har ein stor konkurransefordel.

Men Robert Veum i Fjordglas er fast i trua på at så lenge dei moderniserer og investerer i ny teknologi, samstundes som dei er ein stabile leverandørar av gode kvalitetsprodukt, vil dei kunne halde fram med å levere frå ein lokaleigd fabrikk i Luster.