Betraktningar frå ein trainee: Tilbakeblikk og framtidsblikk

Siste samling med traineegruppa til Framtidsfylket er over, og etter vemodige "på gjensyn" er det tid for litt refleksjon frå ein tilflyttar som visste svært lite om fylket for 10 månader sidan.

Bedriftene i Sogn og Fjordane er offensive, dei trassar geografiske og demografiske utfordringar, og dei tek samfunnsansvar, seier trainee Christian Albertsen. Foto: Thomas Bickhardt

Publisert 11.06.15

Christian Albertsen, Framtidsfylket-Trainee i NHO Sogn og Fjordane

Året som trainee har vore utruleg lærerikt, og eg er evig takksam for sjansen eg har fått av både NHO og Framtidsfylket. I løpet av året har eg blitt kjend med eit rikt næringsliv, i eit spennande fylke som ikkje er i nærleiken av å ha realisert sitt store potensial. Mellom team-building og seine kveldar på traineesamlingane har vi blitt varmt teken imot av eit mangfald av kreative, ambisiøse og framtidsretta bedrifter, som på kvar sine måtar fungerer som motorar i lokalmiljøa. Frå Enoro i Dale, via Campus i Sogndal, til Paneda i Måløy har vi sett bevis på at draumen kan bli verkeleg, også i fylket der ord som sentralisering og utflytting litt for ofte legg beslag på avisoverskriftene. For visst finns det utfordringar. Med aldrande befolkning og låg tilflytting er rekruttering av kompetent arbeidskraft ei nøtt for dei fleste verksemder. Offentlege arbeidsplassar blir flytta ut, infrastrukturen er ikkje god nok, og oppi alt dette skal ein einast om fornuftige kommunestrukturar.

Trass dette held bedrifter, i alle krinklar og krokar, fram med knallharde satsingar. Fall i oljeprisen hindrar ikkje Westcon i Florø i å investere over 100 millionar i inneverande år, og stengde vegar hindrar ikkje Highsoft i Vik i å erobre verdsmarknaden. Tøffare tider hindrar ikkje eit mangfald av bedrifter i å engasjere seg i nærmiljøet, sponse lokale foreiningar, ta ansvar for klima og miljø, og å inkludere dei som fell utanfor arbeidslivet. Bedriftene i Sogn og Fjordane er offensive, dei trassar geografiske og demografiske utfordringar, og dei tek samfunnsansvar. Slike satsingar  er sexy for unge nyutdanna, og då skal det meir til enn ein og annan notorisk skeptikar for å skremme vekk våryre arbeidssøkjarar. For søkjarane finst. Dei må berre bli fortalt at det finst eit yrande næringsliv, i tillegg til den kjende historia om fjord, fjell, låg kriminalitet og landets beste skule.

Framtidsfylket si traineegruppe. Foto: Thomas Bickhardt

Som tromsøværing og bergenstudent var det i utgangspunktet ikkje mykje som tala for at eg skulle ende opp i Norges vestlegaste og nest vakraste by, Florø. Eg veit jo at det er fin natur andre stadar i landet òg! Men ein spennande jobb, der ein får ansvar og blir sett, samt eit attraktivt traineeprogram var nok til å lokke ein ambisiøs student frå storbyen til (forhåpentlegvis) den framtidige Sunnfjordbyen. Sjølv blei eg merksam på jobbmulegheita på ei av Framtidsfylket sine karrieremesser, og eg håpar at endå fleire verksemder i endå større grad synleggjer seg for studentar og jobbsøkjarar både i og utanfor fylket gjennom desse messene.

I svært høg grad er det attraktiv jobb for jobbsøkjar og partnar som er tunga på vektskåla når ein vel kor ein skal busette seg.

Framtidsretta og framoverlente bedrifter og gründerar må vere episentra for vekst og attraktivitet i framtidsfylket

Framtidsretta og framoverlente bedrifter og gründerar må vere episentra for vekst og attraktivitet i framtidsfylket. Sogn og Fjordane har alle føresetnadar for å ta ein endå tydelegare og sterkare posisjon der vi allereie er gode. Viss ein maktar å sette seg i førarsetet på turen mot eit grønt skifte, om ein tør å satse på campusar som magnet for gründerar og gode idear, og viss ein held fram offensive investeringar i "spin off" og entreprenørskap vil fylket kunne bli eit sjølvsagt alternativ for både økonomen, ingeniøren, kokken og montøren.

Som student var samfunnsansvar eit sentralt omgrep i pensum og førelesingar, og dette året har eg fått sjå fleire bevis på eit næringsliv som prioriterer dette. Framtidsfylket hadde med stort hell samfunnsansvar som tema på vinterens karreiremesser, nettopp fordi dette opptek morgondagens arbeidskraft. Dei set endå tøffare krav til bevisste og ansvarlige arbeidsgjevarar, og her ligg det mulegheiter for bedriftene våre til å skaffe seg fortrinn i kampen om dei beste hovud og hender. Gjennom nettverksatsinga "Eit Samfunnsansvarleg næringsliv" i regi av NHO, har eg blitt kjend med lokale bedrifter som er nasjonalt leiande i å nytte dette i strategi og merkevarebygging. Når nettverket med over 50 verksemder inviterer til møte i Florø 16. juni håpar eg så mange som muleg nyttar mulegheita til å lære meir om korleis fokus på klima- og miljø, samt satsing på unge ressursar i fylket, kan bidra til vekst og utvikling både for den enkelte bedrift og for eit samla næringsliv. Vi er gode, men ikkje gode nok!

Å vere ein del av traineeprogrammet til Framtidsfylket, og å arbeide for rammevilkåra til næringslivet i fylket har vore ei fantastisk oppleving frå start til slutt. Med ei solid auke i både stillingar og søkjarar visar Framtidsfylket sitt traineeprogram det same som mange andre verksemder i fjordfylket: Her er liv laga for eit ambisiøst og framtidsretta næringsliv – viss vi viser det fram!

PS: I tillegg har eg blitt medviten på eit anna viktig område gjennom året hos NHO Sogn og Fjordane: Språk. Eg er blitt ein klyppar i å skrive nynorsk.

Kontakt oss