Brødrene Aa tek samfunnsansvar

Brødrene Aa har vore med i nettverket 'Samfunnsansvarleg næringsliv i Sogn og Fjordane' sidan 2011. Les meir om korleis dei jobbar for å forene lønsemd og berekraftig drift.

Publisert 29.05.15

Tor Øyvin Aa er administrerende direktør i Brødrene Aa, ei av verksemdene som har vore med i nettverket 'Samfunnsansvarleg næringsliv i Sogn og Fjordane'  sidan oppstart i 2011. 

1. Kva er kjerneverksemda dykkar og kor mange ansatte er de i dag?  Brødrene Aa vart etablert i 1947 og er i dag verdsleiande på bygging av drivstoffvenlege hurtigbåtar i karbonfiber. Verksemda har 124 tilsette, der 40 % av dei tilsette har utanlandsk bakgrunn.

2. Korleis jobbar de med samfunnsansvar? Vi produserar hurtigbåtar i karbonfiber. Karbonfiber er eit lett materiale som gjer båtane både meir miljøvenlege og drifts-økonomiske enn båtar bygd i anna materiale. Dette bidreg til:

  • redusere drivstoffkostnader
  • reduserer CO2 og NOx- utslepp
  • reduserar vedlikehaldskostnader
  • gje høg gjenbruksverdi

Samanliknar vi til dømes den nye båten M/S Terningen som er bygd i karbonfiber mot M/S Ladejarl som er av aluminimun, så sparer båten i karbon kr. 7,8 millionar i drivstoffutgifter og slepp ut 40% mindre CO2 per år. Med dette får vi fornøgde kundar og sparer miljøet.

3. NAV peikar ut Brødrene Aa som ei bedrift som gjer ein svært god jobb med tanke på integrering av innvandrarar. Kvifor lukkas de med dette? Vi har eit godt samarbeid med NAV og tilset innvandrar fordi vi har behov for arbeidskraft og fordi innvandrarar har behov for jobb. På denne måten sikrar vi ein vinn-vinn situasjon for begge partar. Dei får ein jobb å gå til, lærer seg norsk og får ei inntekt og vi sikrar stabil arbeidskraft og ein ressurs for oss på lengre sikt.
Med 40% tilsette med utanlandsk bagrunn kan det sjølvsagt gje nokre utfordringar, spesielt med språk. Tett oppfølging og rettleiing er ein viktig del av opplæringsprosessen for alle nye tilsette i verksemda. Målet er ein bra arbeidsgjeng, og eg trur vi har lykkast med det.

4. Er det andre tema de jobbar med innan samfunnsansvar?
I tillegg er vi opptatt av lokale samarbeid som skapar positive ringverknader for næringslivet i Sogn og Fjordane m.a. ved at båtar får utrusting ved andre verft i fylke og vi nyttar lokale underleverandørar.
Vidare er det naturleg at vi engasjerer oss i lokalmiljøet og vi støttar m.a. opp om idrettslag og organisasjonsliv.
Vi er også godkjend lærebedrift og tar inn lærlingar.
God forretningsetikk og antikorrupsjon er også prioriterte områder for oss. 

Relaterte artiklar om Brødrene Aa:
Teknisk ukeblad: Kongen av karbonbåtar
Sogn avis: Båten Seasight er skreddarsydd for Flåm
VG: Nordmenn bygger båt til supersportsbåt
Næringsbometeret: Sørgjer for integrering
Skattefunnordninga: Fjordbris er kostnadseffektiv og miljøvennleg