Gloppen Hotell tek samfunnsansvar

Den unge og engasjerte hotelldirektøren Preben Moe, har fått auka bevisstheit kring det å ta samfunnsansvar. - Å ta samfunnsansvar handlar om mykje meir enn å støtte lokale idrettslag.

Publisert 30.06.15

Preben Moen er hotelldirektør for Gloppen Hotell og ein av landets yngste hotellsjefar. Hotellet reknast som ei Fyrtårn- verksemd innan arbeid med samfunnsansvar og har vore med i nettverket 'Samfunnsansvarleg næringsliv i Sogn og Fjordane'  sidan 2011. 

1. Kva er kjerneverksemda dykkar og kor mange ansatte er de i dag? Gloppen Hotell har tradisjonar heilt tilbake til 1829. Det er eit familieeigd hotell og vi har eit stort engasjement rundt matservering, øl- bryggeri og matproduksjon. Min far sa alltid med eit glimt i auge at "Gloppen Hotell er eit hotell i særklasse" . Vi etterstreber å ha det beste av lokale råvarer på menyane våre og dette set gjestane våre pris på. Vi har i dag 24 årsverk og auker stadig bemanninga. Omsetninga har auka dei siste åra. I fjor var auken størst i antal gjestedøgn, og i år ser vi ei større omsetning på sal av øl og vin. Dette gjenspeglar vårt auka fokus på mat og drikke som ei totaloppleving, der vi m.a. bryggar eige øl.

2. Kvifor blei de med i nettverket 'Samfunnsansvarleg næringsliv i Sogn og Fjordane' og kva erfaringar har de gjort ved å vere med? Det var faren min Dag Moen som ønskja bli med i nettverket. Han var ein engasjert mann som var oppriktig glad i og hadde eit brennande engasjement for bygda si og for Sogn og Fjordane. Å sikre lokale arbeidsplassar, gode ferdselsårer og drive Gloppen hotell som 'bygdas hotell', ein samlingsplass for innbyggjarane var viktig for han.

Etter hans brå bortgang i 2013 tok eg over hotelldrifta og vart kopla på nettverket. Før var det litt diffust kva samfunnsansvar var, vi var jo opptatt av lokalsamfunnet, sponsa lag og organisasjonar, sorterte avfall og samarbeida med lokale leverandørar. Gjennom nettverket har vi fått bekrefta at vi gjer svært mykje bra innan samfunnsansvar, men har blitt mykje flinkare til å forstå kvifor vi gjer som vi gjer. Bevisstgjeringa både i leiinga og hos dei tilsette har bidratt til auka stoltheit over arbeidsplassen. Vi er også flinkare til å gjere dei rette prioriteringane.

Det er kjekt å sjå engajementet i nettverket, at både små og store virksomheiter ønskjer vere gode på strategisk arbeid med samfunnsansvar. Vi ser alle at å bruke pengar, tid og energi på tiltak som ein ikkje er lovpålagt har positive effektar m.a. på miljø, arbeidsmiljø og økonomi.

3. Korleis jobbar de med samfunnsansvar? Vi jobbar med mange ulike felt innan samfunnsansvar som er relevant og aktuelt for Gloppen Hotell si forretningsdrift som m.a.:

  • Sertifisert som Miljøfyrtårn . Vi har nettopp vore gjennom revisjon som vi fekk full score på og som vi er svært nøgde med og stolte over. 
  • Etablert etiske retningslinjer og ny kvalitetshandbok. Dei tilsette på Gloppen Hotell har vore breitt involvert undervegs gjennom arbeid i grupper og samlingar for dei tilsette
  • Fornybar energi frå SFE
  • Kort transportetappe på råvarene vi bruker (samarbeider med 36 lokale matprodusentar)
  • Energieffektiviseringstiltak
  • Tilbyr lærlingeplassar
  • Byggjer familiestrand ved fjorden

Det grønne skifte er på full veg inn, og vi ønsker bli det beste hotellet innan vårt segment på energi og miljø.

4. Kva vil de oppmode andre bedrifter til med tanke på strategisk arbeid med samfunnsansvar? Vær tydelig på kva di verksemd skal vere med på eller ikkje. Gjer ei kartlegging over kva som er naturlege og viktige arbeidsområder kring samfunnsansvar og i tråd med forretningsideen dykkar. Leiarforankring er også avgjerande for å lukkas samt det er viktig å involvere alle tilsette. Dette skapar eigarskap og stoltheit på arbeidsplassen. Ein viktig verdi er at alle kan vere med å gjere ei forandring.

 Sjå relaterte artiklar om Gloppen Hotell:

Prisar og utmerkingar

Medieomtale

Kontakt oss

Siri Laquian Stavang

Prosjektleder

siri.stavang@nho.no
Telefon
98031949