Gode diskusjonar om samfunnsansvar

Det femte møtet i nettverksatsinga "Eit samfunnsansvarleg næringsliv i Sogn og Fjordane" samla representantar frå både bedrifter, verkemiddelapparat, organisasjonar, akademia og det offentlege. Ein god mix av aktørar som alle tek og bidreg til å sette fokus på samfunnsansvar.

Kerrion Joseph Muhesa og Arne Osland håpar næringslivet i enda større grad vil nytte seg av dei internasjonale ressursane i fylket

Publisert 17.06.15

Lønsemd gjennom miljøtiltak
Siri Stavang, prosjektleiar i NHO Sogn og Fjordane og leiar av nettverket losa forsamlinga gjennom møtet på Comfort Hotel i Florø 16. juni.

Første bolk hadde spesielt fokus på tema klima- og miljø, og etter at regiondirektør i NHO Sogn og Fjordane Jan Atle Stang hadde ønskja velkommen, var i tur og orden NorTekstil ved Ingrid Stavang (konsernleiar HR) , TINE Meieriet Byrkjelo ved Hans Petter Almenning (prosjektleiar), Ervik Havfiske ved Olav Steimler (dagleg leiar) og Septik 24 ved Arild Bødal (konsernleiar) framme for å gi bedriftsperspektiv på korleis dei tek omsyn til klima- og miljø, og samstundes dreg bedriftsøkonomiske fordelar av det. Dei tek stadig nye steg i retning ei grønare og meir miljøvennleg verksemd gjennom m.a.:

  • Energieffektivisering og utsleppsredusering
  • Styringssystem og miljøsertifikat
  • Stort fokus på samfunnsansvarleg forankring i alle organisasjonsledd 

Økonomisk støtte
Også Innovasjon Norge og Fylkeskommunen heldt informative innlegg om korleis dei kan støtte bedrifter som vil satse grønnare, og i diskusjonsrundane var det fleire som hadde gode innspel til korleis både private og offentlege verksemder kan bli enda betre. M.a. vart det diskutert om fleire bedrifter i nettverket kan gå saman og søkje støtte hjå Fylkeskommunen til miljø- sertifisering.

Må utnytte ressursane i fylket
Under overskrifta "Utdanning som foreinande kraft" drog utviklingsdirektør Arne Osland frå United World College i Flekke i gang dagens andre tema, med fokus på unge i arbeidslivet. Med seg hadde han Kongolesiske Kerrion Joseph Muhesa, som mellom anna har fungert som bindeledd mellom United World College og asylmottaket i Førde. Bodskapet deira var at dei internasjonale ressursane vi har i fylket, både gjennom flyktningar, arbeidsinnvandrarar og studentar kan nyttast enda betre av næringslivet.

Den engasjerte, nye leiaren for Westcon Yards Florø , Mikael Johansen, fortalte om kor viktig det er å satse på lærlingar også i nedgangstider. Marte Hatlevik, som nyleg har tatt plass i konsernleiinga i Wergeland Group  som leiar for marknad og kontrakt, fortalte om sine erfaringar som ung kvinne i ein mannsdominert bransje.

Unge nyutdanna er ein mangelvare i fylket, og i plenumsdiskusjonen mot slutten av dagen kom det fram mange konstruktive forslag til korleis ein kan bli meir attraktiv for dei unge, og korleis ein kan bli flinkare til å inkludere dei. Ein av studentane som deltok nemnde m.a. at i ei stillingsannonsen søkte ei familiebedrift etter engasjert mellomleiar som kunne ha muligheit til å gå over i leiarstilling i bedrifta på sikt. Dette er ei effektiv måte å synleggjere utviklingsmuligheiter for unge som ønskjer klatre på karrierestigen. 

Alle føredragshalderane som bidrog med presentasjonar på møte fekk tildelt gåvekort med bidrag til  Røde Kors sitt lokale prosjekt "Ferie for alle".

For liste over påmelde på nettverksmøte sjå her.

Kontakt oss

Siri Laquian Stavang

Prosjektleder

siri.stavang@nho.no
Telefon
98031949