Kantinedag i Sogndal

30. september er 'Bærekraftig matvett' satt som hovedtema når kantinenettverket i Sogn og Fjordane møtes i Sogndal.

Publisert 31.08.15

Kantinenettverket i Sogn og Fjordane inviterer  bedrifts- og skulekantiner til kurs på Fosshaugane Campus i Sogndal onsdag 30. september kl 10.00-15.00.

Den populære foredragshaldaren Rasmus Mo, ein motivator og eit fyrverkeri av dei sjeldne, vil opne dagen med foredraget «Dønn ærleg».

Hovudtema for dagen er Bærekraftig matvett der ein vil sjå nærare på:

  • Mat og allergen
  • Ulike merkeordningar
  • Praktisk matlaging

Bærekraftig meny - kva , kvifor og korleis?

  • Unngå SVINN; Korleis få brukt opp alle restar? God økonomi for alle.
  • Bruk sesongens varer- då er dei billigast, smakar  best, har reist minst og gir deg mykje næringsstoff.
  • Velje økologisk produserte råvarer- ved å unngå sprøytemidlar og kunstgjødsel vil ein i større grad ivareta mangfaldet av planter, dyr og insekt.

I Noreg har ein eit mål om at 15% av matproduksjon skal vera økologisk. Det er eit viktig samspel mellom produksjon og etterspurnad, her som i alle andre produksjonar. Difor ynskjer vi å leggje til rette for at både offentlege og private mattilbydarar vil medverke til å oppnå dette målet.

Mange av verksemdene  i Sogn og Fjordane er sertifiserte som Miljøfyrtårn og i den samanheng vil mattilbodet i kantina vera med å styrke verksemda sin miljøprofil.

 I desember 2014 vart det innført ei merkeordning med omsyn til mat og allergen. Kva som er dei mest vanlege allergena og korleis ein kan få til ei enkel merkeordning til kundane sitt beste? Dette får du svar på denne dagen.

Kurset har:

  • EIN INNLEIANDE TEORIDEL
  • PRAKTISK MATLAGING MED DEMONSTRASJON
  • EIGENAKTIVITET

Fagansvarlege: 

  • Mat-og miljørettleiar Lise Lotte Olsen, Debio Info
  • Gry Tokvam, Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Partnarskap for folkehelse

Påmelding til bjorg.reed@tine.no eller 57 88 35 36 innan 20. september 2015