Lerum tek samfunnsansvar

Lerum reknast som eit Fyrtårn innan arbeid med samfunnsansvar - Vi meiner at samfunnsansvar må vere ein del av kulturen og ryggmargsrefleksen i ei bedrift, seier Trine Lerum Hjellhaug, adm. dir. i Lerum.

Publisert 26.08.15

Trine Lerum Hjellhaug, administrerande direktør i Lerum er ei dyktig og engasjert kvinne som har vore med i stryingsgruppa til nettverket 'Samfunnsansvarleg næringsliv i Sogn og Fjordane' sidan 2011. 

1. Kva er kjerneverksemda dykkar og kor mange ansatte er de i dag? Gjennom fire generasjonar, sidan 1907, har Lerum laga produkt av frukt og bær. Vi kombinerar norske tradisjonar med kunnskap om foredling og ernæring, i tråd med trendane i marknaden og preferansane hjå forbrukarane. Vi er ein landsdekkande leverandør av syltetøy, saft og jus og produkta våre vert distribuert gjennom dei fleste daglegvarebutikkane i landet. I tillegg leverer vi til storhushaldning og industri. Verksemda er familieeigd, der 4. generasjon Lerum i dag er eigarar. Vi er 135 tilsette og omset for om lag 450 millionar kroner i året.

2. Kvifor blei de med i nettverket 'Samfunnsansvarleg næringsliv i Sogn og Fjordane' og kva erfaringar har de gjort ved å vere med? I Lerum har alle generasjonane vist eit stort engasjement for det samfunnet som vi er ein del av. Skal vi få til noko på ein liten plass, må vi løfte i lag. Då nettverket vart oppretta tenkte vi at vi måtte vere med for å dele våre eigne erfaringar med andre og lære av andre. Vi ser på samfunnsansvar som ein fellesnemnar på tvers av bransjar og sektorar. Er det noko private og offentlege aktørar kan samarbeide om, så er det dette. Ved å dele erfaringar og lære av kvarandre, kan bedriftene bli meir konkurransedyktig.

3. Korleis jobbar de med samfunnsansvar? Vi jobbar med samfunnsansvar på mange område. Men, vi jobbar med det som ein naturleg del av kulturen og verdiane våre. Døme:

  • Vi er medlem i Initiativ for Etisk handel
  • Vi har definert etiske retningslinjer for dei tilsette
  • Er IA- bedrift (inkluderande arbeidsliv)
  • Vi subsidierer medlemskap på treningssenter, dekkar kiropraktor behandling og mr-undersøking for dei tilsette for å halde nede fråværet.
  • «Ringer i vannet» - arbeid. Har vore med på sjølve prosjektet til NHO, men også jobba med tema historisk. Vi har fleire tilsette som har har komme inn med mange utfordringar i  ryggsekken, og som vi har hjelpt til fast jobb.
  • Samarbeidar med skular om rekruttering
  • Sponsing av lag og organisasjonar innan kultur og idrett.
  • Kjeldesorterer all emballasje og arbeider med konkrete enøk-prosjekt på fabrikkane
  • Innført øko-kjøring ved Lerum Frakt

4. Kva vil de oppmode andre bedrifter til med tanke på strategisk arbeid med samfunnsansvar? Alle bedrifter driv med samfunnsansvar. Det gjeld å vere bevist det. Vi meiner at samfunnsansvar må vere ein del av kulturen og ryggmargsrefleksen i ei bedrift. Å definere samfunnsansvar som eit eige område, meiner vi er feil. Det å ta samfunnsansvar må vere ein naturleg del av den daglege drifta, avsluttar Hjellhaug.

- Vi meiner at samfunnsansvar må vere ein del av kulturen og ryggmargsrefleksen i ei bedrift, seier Trine Lerum Hjellhaug, adm. dir. i Lerum.

 Sjå relaterte artiklar om Lerum:

http://www.lerum.no/samfunnsansvar

http://www.dagligvarehandelen.no/2015/lerum-best-i-syltetoytest

http://www.naringsbarometeret.no/sub-article/lerum

http://www.sognavis.no/nyhende/fekk-pris-for-beste-teksten-pa-nettet/s/1-105-7163134

http://www.firda.no/nyhende/lerum-satsar-lokalt/s/1-51-7399235