NHO Sogn og Fjordane om samfunnsansvar

Samfunnsansvar eller CSR (Corporate Social Responsibility) har i løpet av ein 10-års periode bevega seg frå det heilt ukjente til ein fast funksjon i mange selskap

Publisert 24.02.15

Samfunnsansvar handlar om korleis verdiskaping skjer – korleis bedrifter produserar varer og tenester på ei lønsam, anstendig og berekraftig måte, og dekker mange områder; 

  • Menneskerettigheiter
  • Anstendig og sikre arbeidsforhold
  • Miljø
  • Anti- korrupsjon
  • Samfunn

Dei fleste arbeider med samfunnsansvar i ei eller anna form, det kan vere miljøtiltak, å tilby lærlingplassar, støtte lokale idrettslag eller velgjerdsorganisasjonar. Men ikkje alle bedrifter har eit bevisst forhold til desse tiltaka og veit korleis dei skal kome i gong med strategisk arbeid med samfunnsansvar.

Tidleg leiarinvolvering
Bedriftene i nettverket ' Eit samfunnsansvarleg næringsliv i Sogn og Fjordane' jobbar strategisk med samfunnsansvar på mange ulike område og oppnår gode effektar av arbeidet. Tidleg leiarinvolvering og bevisstgjerning kring temaet er avgjerande for å forankre ei solid forståing for kva samfunnsansvar verkeleg dreier seg om, er tilbakemeldingane frå nettverksbedriftene.

9 fordelar ved å arbeide bevisst med samfunnsansvar:

  • Reduserte kostnader
  • Auka motivasjon, stoltheit og trivsel på arbeidsplassen
  • Konkurransefortrinn i rekrutteringsarbeid
  • Betre omdømme
  • Betre relasjon til forbrukar
  • Meir attraktiv som leverandør
  • Nye forretningsmuligheiter/innovasjon
  • Betre vilkår hos investorar og långivarar
  • Betre førebudd på framtidige lovgivningar 

8 råd for å lukkas med arbeidet:

  1. Forankre arbeid i leiing
  2. Kople samfunnsansvar til strategi og forretningsområde
  3. Definere og prioriter satsingsområde
  4. Praktisk arbeid, tidleg medarbeidarinvolvering
  5. Realistiske mål
  6. Kople samfunnsansvar til HR-arbeid
  7. Målretta og systematisk arbeid

Korleis kome i gang med strategisk CSR- arbeid
NHO har utarbeida Veiledarar og Malar som kan gjere det lettare for bedrifter å kome i gang med sitt samfunnsansvarsarbeide. Sjå HER for meir informasjon og publikasjoner (nedst på sida).

 

Aktuelle Lenker:

http://www.svanemerket.no/

http://www.inkluderende.no/

http://www.etiskhandel.no/

https://www.nho.no/Politikk-og-analyse/Seriost-arbeidsliv-og-samfunnsansvar/Global-Compact/

https://www.unglobalcompact.org/

http://www.miljofyrtarn.no/

https://www.standard.no/standardisering/iso-standarder/

Kontakt oss

Siri Laquian Stavang

Prosjektleder

siri.stavang@nho.no
Telefon
98031949