Ny metode for inkludering av unge utan jobb

Prosjekt Jobbstrategi - ein ny og innovativt metode for å gje unge vaksne utan jobb, moglegheit til å vise seg fram i arbeidslivet, få målretta arbeidserfaring og kvalifisering.

Lanserer ny metode for inkluderande arbeidsliv for unge utan jobb: F.v. Heidi Myrvold (rådgjevar i NAV arbeidslivssenter), initiativtakar Bosse Litsheim (Høgskulelektor ved HISF, tidl. HR/CSR- ansvarleg i Safeclean) og May-Britt Torsnes (HR- rådgivar i Nyrstar)

Publisert 29.09.15

Høyangerbedriftene Safeclean, Nyrstar og Hydro i samarbeid med NAV står bak Prosjekt Jobbstrategi. Bedriftene har gjennom eitt år tilbydd tre ungdommar som stod utan jobb, arbeidspraksis i 4 månader i kvar bedrift, ein såkalla 'loop'. Ungdommane har fått eit år med verdifull arbeidserfaring på CV-en og alle tre fortset i jobb og med vidareutdanning. -  Vi har fått mange positive tilbakemeldingar både frå deltakarane, bedriftene og tilsette i bedriftene undervegs, seier May Brit Torsnes, HR- leiar i Nyrstar.

Prosjektet starta som eit initiativ då Bosse Litsheim (tidl. leiar for HR og Samfunnsansvar i Safeclean) for halvanna år sidan høyrde at nær 60 ungdommar i alderene 18-30 år i Høyanger og Balestrand stod utan jobb. - Dette er 'vår ungdom'. Næringslivet i samarbeid med det offentlege må ta samfunnsansvar for å sikre at unge kjem seg inn i arbeidslivet, seier Litsheim. 

Oppmodar fleire bedrifter om å bli med
Denne nye måten å jobbe med inkludering på har fått nasjonal merksemd og partane bak prosjektet ønskjer invitere med fleire verksemder i fylke med. - Vi har bevist at prosjekt Jobbstrategi fungerer. Til saman er det fleire hundre unge vaksne i vårt fylke som står utanfor arbeidsllivet og saman kan vi ta eit ansvar for å sikre at desse får ein meiningsfull kvardag  og betre framtid, seier Heidi Myrvold, rådgjevar i NAV arbeidslivssenter.

Bedrifter går saman om å etablere ein 'loop'.
I samarbeid med NAV gjennomfører intervju med aktuelle kandidatar før dei vel ut tre ungdommar som får delta. Dei legg tilrette for meiningsfylte arbeidsoppgåver, følgjer opp og gjev tilbakemelding til kandidatane. Dei informerer også dei tilsette og set inkludering på dagsorden både i verksemd og lokalsamfunn.
NAV følger også tett opp både dei unge og verksemda og kompenserer økonomisk for bruk av mentor.

Er dette  noko for di bedrift?
Dette er ein form for IA- samarbeid (inkluderande arbeidsliv). Samarbeid avlar samarbeid på andre områder, ein vinn-vinn situasjon for bedrift, ungdom  og NAV.

Ønskjer di verksem vere med å gjere ein forskjel for arbeidsledig unge i ditt lokalsamfunn, ta kontakt:

Heidi Myrvold, NAV Arbeidslivssenter, tlf. 95 89 90 23
May Brit Torsnes, Nyrstar, tlf. 40 21 55 60