Samfunnsansvarleg næringsliv i Sogn og Fjordane

Publisert 12.08.15

Kva

Nettverket 'Samfunnsansvarleg næringsliv i Sogn og Fjordane"  er eit uformelt nettverk som i dag består av nærare 60 verksemder frå privat og offentleg sektor, virkemiddelapparat, akademia og interesseorganisasjonar som deler erfaring og kompetanse knytt til bedrifters samfunnsansvar. Felles for alle er at dei i større eller mindre grad har satt strategisk arbeid med samfunnsansvar på dagsorden i eiga verksemd.

Fleire av verksemdene i nettverket kan reknast som Fyrtårn- bedrifter innan arbeid med samfunnsansvar, som også er kalt CSR (Corporate social responsibility), og er til inspirasjon for mange. Les meir om Fyrtårn- verksemder her

Det er ingen medlemsavgift, men vi oppmodar om å støtte nettverket sine felles utviklingstiltak 'Ferie for alle' i regi Røde Kors SF, og 'Reint vatn' i regi Plan Norge. I tillegg må bedriftene setje strategisk arbeid med samfunnsansvar med konkrete tiltak, på dagsorden i eiga bedrift.

Føremål

Nettverkssatsinga skal styrke konkurransekrafta til det regionale næringslivet gjennom ei satsing på strategisk og innovativt samfunnsansvar. Målet er at Sogn og Fjordane skal bli eit Framtidsfylke innan samfunnsansvar.

Korleis

Verksemdene i nettverket forpliktar seg til å setje strategisk arbeid med samfunnsansvar på dagsorden:

  • Etablere konkrete CSR- tiltak i eiga bedrift
  • Formidle bedrifta sitt arbeid med samfunnsansvar via heimeside, i bedriftspresentasjonar, til samarbeidspartar osb.
  • Dele kunnskapar og erfaringa kring CSR- arbeide
  • Vere ein pådrivar for utvikling og implementering av samfunnsansvar i fleire bedrifter

Gjennom desse fokusområda er målsetjinga at verksemdene i nettverket skal få auka kompetanse kring sitt arbeid med samfunnsansvar som igjen kan bidra til auka lønsemd og styrka  konkurransekraft. Saman kan bedriftene gjere kvarandre sterkare!

Aktivitetar

  • Arrangerar årleg nettverksmøte
  • Tilrettelegg og formidlar kompetansehevande tiltak innan CSR
  • Sender ut månadleg Nyheitsbrev
  • Publisering på web og nyheitssaker i media
  • Medarrangør på aktuelle arrangement
  • Formidlingsarbeid og dialogaktivitetar i privat og offentleg sektor for å auke fokus på samfunnsansvar

Saman skal nettverket løfte kvarandre fram som samfunnsansvarlege verksemder og  bidra til auka  bevisstheit rundt strategisk og innovativt arbeid med samfunnsansvar i Sogn og Fjordane. 

Bakgrunn

At bedrifter skal tene pengar er innlysande, men diskusjonen om å ta samfunnsansvar handlar om korleis dette skal gjerast for å skape eit berekraftig samfunn for framtidige generasjonar. For å sette dette tema på dagsorden i fylke vart nettverkssatsinga "Samfunnsansvarleg næringsliv i Sogn og Fjordane" starta opp som eit prosjekt våren 2011. Ved prosjektslutt mars 2014 var over 30 verksemder med i nettverket. Fylkeskommunen finansierte forstudien, og Innovasjon Norge finansierte hovudprosjektet. Ein såg gode effektar ved arbeidet og NHO Sogn og Fjordane tok over nettverket i 2014 med støtte frå Fylkeskommunen. Vi har 25% ressurs til nettverksarbeid til og med 2016. Tanken er at nettverket skal vere sjølvgåande etter 2016. Eigeninnsats frå verksemdene har vore og er avgjerande for å lukkas med nettverksarbeidet og for å setje samfunnsansvar på dagsorden i fylke.

Vi ønskjer fleire bedrifter velkomen til å bli med i nettverket. Ta kontakt for å høyre meir om vårt arbeid.

Siri L. Stavang
Prosjektleiar
NHO Sogn og Fjordane

Tlf.: 980 31 949
E- post: siri.stavang@nho.no

 

Kontakt oss

Siri Laquian Stavang

Prosjektleder

NHO Sogn og Fjordane

siri.stavang@nho.no
Telefon
98031949