Safeclean tek samfunnsansvar

Dei tilsette i Safeclean tenker, kommuniserer og opptrer på ein måte som vert lagt merke til hos kundar og samarbeidspartar. -Samfunnsansvar handler om å gjøre en forskjell i forhold til våre omgivelser. Måten vi opptrer på gir oss konkurransefortrinn, seier adm. dir. Jon Refsnes.

Publisert 28.10.15

Administrerande direktør Jon Refsnes og Bosse Litsheim, tidlgare leiar for HR og CSR (Corporate social responsibility) i Safeclean, har begge eit stort engasjement for arbeid med samfunnsansvar. Bedrifta reknas for å vere ei Fyrtårn- verksemd innan dette arbeidet og har vore med i nettverket 'Samfunnsansvarleg næringsliv i Sogn og Fjordane' sidan oppstart i 2011.

1. Kva er kjerneverksemda dykkar og kor mange ansatte er de i dag?
SafeClean har sidan 2002 utvikla seg til å bli ei kompetansebedrift innan miljøteknologi - vi fjerner uønska avsetningar som naturlig dannes når olje og gass prosesserast. Tradisjonelt blir dette fjerna manuelt – belastande for både personell og miljø.

SafeClean fjerner alle avsetningar automatisk ved hjelp av ein spesiell sirkulasjonsvask og friskmelder system – vaskevann kildesorteras i etterkant.  Resultatet er at personell blir tatt vare på, jobben utføres på vesentleg kortare tid til ein lavere kostnad, og avfall minimeres til riktig mengde på ein sikker måte. Teknologien representerer store bidrag for miljø- og personellsikkerheit, kostnadsreduksjoner og auka inntening.

SafeClean har i dag 26 ansatte og omsatte i 2014 for ca 60 MNOK. Kundane er primært operatørselskap på norsk sokkel, men vi ser no auka etterspørsel fra landbasert prosessindustri og førespurnader kjem fra den globale markednaden.

2. Kvifor blei de med i nettverket 'Samfunnsansvarleg næringsliv i Sogn og Fjordane' og kva erfaringar har de gjort ved å vere med?
SafeClean har på mange måtar arbeidd med samfunnsansvar sidan første dag, men vi brukte ikkje den «merkelappen». Når vi fekk høyre om programmet, blei vi interessert i å være ein del av dette. Vi hadde ei formeining om at vi hadde erfaring å dele og vi ønska å sjå nærare korleis andre bedrifter og organisasjoner arbeidde på området. 

Bosse Litsheim - som leia arbeidet i bedrifta - har vore ei drivkraft og ein inspirator som har involvert alle lag i bedriften – resultatet er ei auka bevisstheit og ei stoltheit som preger oss i dag. Vi er fokusert i det daglige arbeid på at vi kan utgjere ein forskjel i forhold til våre omgjevnader – måten vi opptrer på er eitt av fleire konkurransefortrinn.

3. Korleis jobbar de med samfunnsansvar?
Vi meiner at heile vårt miljøkonsept står for samfunnsansvar i praksis. SafeClean-metoden verner om personell og ytre miljø. Den kan handtere belastande avsetninger på ein sikker og god måte og metoden i seg sjølv bidrar til enorme kostnadsbesparelser for samfunnet.

Vidare planlagde aktiviteter og utvikling hos oss vil gje enda større bidrag innan samfunnsansvar, m.a med større utbredelse innan marked nasjonal og globalt. SafeClean arbeider for å effektivisere våre kilde- og gjenvinningsløysinger som mobile og skalerbare prosesser. Det ligg både god økonomi – og samfunnsansvar i denne delen av vår verdikjede.

Vi er også IA bedrift og våre etiske retningslinjer minner oss på korleis vi opptrer i vårt virke –  fremoverlent, ydmyk og etterrettelig.

4. Safeclean er ei av fem bedrifter i Norge som det er laga informasjonsfilm om - Samfunnsansvar og etisk handel.  Kan de sei litt om dette? 
Produsentane som stod bak filmen hadde høyrt om Safeclean og meinte bedrifta var eit godt og inspirerande eksempel på ei mellomstor bedrift som forsøker å vere gode på å ta samfunnsansvar. Eit av verktøya dei ønska å illustrere var arbeidet med å lage etiske retningslinjer - Frå pynt til praksis. Dette var utgangspunktet for filmen.

I tillegg til Safeclean er også Nor Tekstil fra Florø med, og det er veldig kjekt at to av fem bedrifter som kom med i filmprosjektet, er fra Sogn og Fjordane. Det betyr at vi gjer noko riktig. Alle ansatte er veldig stolte av filmen og vi håper desse informasjonsfilmane vil inspirere fleire bedriftsleiarar og ansatte til å auke sitt fokus på strategisk arbeid med samfunnsansvar.

5. Safeclean tok initiativ til Prosjekt Jobbstrategi  - ein ny og innovativt metode for å gje unge vaksne utan arbeid ein jobbmuligheit. Kvifor? 
For halvanna år sidan høyrde vi at nærare 60 ungdommar i alderen 18-30 år i Høyanger og Balestrand stod utan jobb. Dette er jo 'vår ungdom'.  Her må næringslivet i samarbeid med det offentlige ta samfunnsansvar for å sikre at unge kjem seg inn i arbeidslivet igjen. Vi oppmodar fleire bedrifter i fylke til å ta i bruk metoden for å sikre at de unge får ein meningsfull kvardag. Les meir om Prosjekt Jobbstrategi her. 

6. Kva vil de oppmode andre bedrifter til med tanke på strategisk arbeid med samfunnsansvar?
Alle bedrifter arbeider med samfunnsansvar, i større eller mindre grad. Ved å velge å sette det på dagsorden,  auker bevisstheita på kva ein som selskap og ansatt faktisk bidrar med til felleskapet. Dette bidrar til auka stoltheit og vi er overbevist om at dette i neste rekke gir konkurransefortrinn. Det er viktig å innvolvere alle nivå og forankring må skje på eigar- og leiarnivå. Det er mange bedrifter som har vært bevisste i sitt arbeid på området – vi opplever at det villig deles erfaringar som igjen inspirerer.

Meir om Safeclean her: