Samfunnsansvar i praksis

På seminar 23. oktober presenterte Safeclean, Simas, Tine Meieriet Byrkjelo og Melin Medical korleis dei skapar konkurransekraft ved samfunnsansvar.

Publisert 06.11.14

IA-rådet i samarbeid med nettverket 'Samfunnsansvarleg næringsliv i Sogn og Fjordane' arrangerte 23. oktober samlinga med tema: Samfunnsansvar som konkurransekraft. Her møtte over 50 verksemder frå privat og offentleg sektor som fekk høyre kva samfunnsansvar inneber og korleis ta strategisk grep om dette arbeidet.

Fire lokale fyrtårnbedrifter i CSR- nettverket som opplever styrka konkurransekraft gjennom å ta samfunnsansvar, presenterte korleis dei jobbar med dette i praksis.

Safeclean AS

Bedrifta som ligg i Høyanger arbeider strategisk med samfunnsansvar på mange felt. HR/CSR- leiar Bosse Litsheim presenterte det "ytre arbeidet" deira med samfunnsansvar. 
- Verksemda har utvikla ein ny og innovativ metode for automatisk vasking av prosessutstyr i oljeindustrien. Ved bruk av vår metode unngår ein at personell vert eksponert for m.a. benzen og kvikksølv, seier Litsheim. Metoden til Safeclean er rekna som svært sikker og rein miljømessig, kundane oppnår reduserte vedlikehaldskostnader og auka regularitet. - Vi har fått svært gode tilbakemeldingar og ser ein stor marknad for våre tenester, avsluttar Litsheim.

Simas AS

Simas i Kaupanger nyttar samfunnsansvar som verktøy for utvikling av organisasjonen og ser gode effektar av arbeidet.
Dei har involvert leiing og tilsette i arbeidet og m.a.:

  • utarbeidd og implementert etiske retningslinjer og miljøfyrtårnrapportering
  • gjort endringar i organisasjonen for å betre bruk av personalressursane
  • og  drifta er effektivisert m.a. med ny avfallsspresse og ny omlastingsstasjon.

- Gjennom dette opplever vi auka trivsel hjå våre ansatte i tillegg til kostnadsreduksjon og mindre belastning på miljø, seier Styreleiar Jørill Hovland.

Tine Meieriet Byrkjelo

Verksemda er ei viktig nøkkelbedrift i Gloppen kommune og dei har løfta arbeid med samfunnsansvar opp på eit strategisk nivå. Tine er m.a.:

  • ISO- 14001 sertifisert
  • Hhar fokus på ernæring- miljø og energiforbruk
  • Fekk eldsjelprisen i 2013 for deira arbeid med inkluderande arbeidsliv.

- Tine har og blitt spesielt lagt merke til kring sitt arbeid med sjukefråver, fortel Meierisjef Thorkild Heieren. Gjennom prosjekt "Frå fråvær til nærvær" i samarbeid med NAV og bedriftshelsetenesta, vart sjukefråværet i verksemda halvert.          - Resultat er at effektiviteten og trivselen auka, avsluttar Heieren.

Melin Medical

Grunderverksemda Melin Medical som leverer administrasjons- og betalingsløysingar til legekontor har spesielle omsyn å ta til brukarane. Tenesta skal levere likestilte løysingar som skal kunne betenas av alle også dei med redusert funksjonsevne, er alvorleg sjuk eller har andre utfordringar. Universell utforming er eit viktig prinsipp og verksemda samarbeider tett med m.a. blindeforbundet og andre interesseorganisasjonar for å skape så brukarvennleg teneste som mogleg. - Dette er både kostnad- og tidkrevjande men det er eit viktig grep kring samfunnsansvar. I tillegg ser vi at det kan gje oss eit utvida forretningsområde. Dermed ser vi ein vinn- vinn situasjon i arbeidet vi gjer, seier dagleg leiar Ingvill Hestenes.  Vidare fortel Hestenes om andre grep dei har gjort, m.a.:

  • Flytta hovudkontor frå Oslo til Sandane
  • Investert i  testsenter på Sandane
  • Engasjere trainee gjennom Framtidsfylket
  • Har fokus på leverandørkjeda for å sikre at samarbeidspartar opptrer på ein samfunnsansvarleg måte.

 

Sjå alle presentasjonane frå seminaret under:

Bosse Listheim i Safeclean AS

Jørill Hovland i Simas AS

Thorkild Heieren i Tine Meieriet Byrkjelo

Ingvill Hestenes i Melin Medical

Henrik Munthe i NHO

Jan Erik Fåne i Finans Norge (FNO)

Siri Stavang i NHO Sogn og Fjordane

Ingvill Flo i PwC