Seminar om møtet mellom innvandrarar og lokalsamfunn

- Korleis møter lokalsamfunnet/byen innvandrarane, korleis blir vi påverka av dette møtet – dei som bur her og dei som kjem? Og kva gjer vi for å gjere møtet betre? Bli med til Florø 15. januar 2016 og høyr meir.

Kunstverk av Vera & Kyte; Subsea Coffee: "We picture this social brewing ritual being implemented as a natural part of the everyday workflow. An arena to establish a more personal relation to co-workers that can go beyond the workplace."

Publisert 22.12.15

Dele – tilpasse – tilhøyre:

Eit seminar om migrasjon

Torsdag 15. januar 2016 kan du delta på seminar i Florø der ein set søkjelyset på - Korleis blir lokalsamfunna påverka og forandra av dei mange innvandrarane som kjem hit, og korleis blir "vi" og "dei" påverka og forandra. Dette er eit dagsaktuelt seminar for bedrifter, kommunar, kunstnararar, institusjonar og andre som har interesse for tema og møter utfordringar innan dette feltet.

SJÅ FULLSTENDIG INVITASJON OG PROGRAM HER.

HER KAN DU MELDE DEG PÅ.

Bakgrunn for seminaret er kunst/designprosjektet "Identitet i bevegelse" ("Replanted identity").  Våren og hausten 2014 vart det gjennomført eit kunst/ designprosjekt i Florø og i verfts/hamnebyen Saint Nazaire i Frankrike. I prosessen med å skape kunst- og designprodukt deltok m.a. florøværingar med opphav frå Aust-Europa i forarbeidet og i bedrifter som kunstnarane oppsøkte og jobba på, t.d. Westcon og Norblikk. I prosjektet deltok 6 kunstnarar i Florø som jobba fram verk til utstillinga. Dette har fått interessante kunstnarlege uttrykk ut frå prosessar med samspel mellom kunstnarane og innvandrarar i bedriftene og lokalsamfunnet. 

Seminaret den 15. januar 2016 prøver å samle opp erfaringane frå prosjektet, men òg vise korleis Florø og innvandrarane har møttest, utfordringar i dette møtet, og framlegg til løysingar.

Kunstutstillinga opnar 14.januar kl 19.00
Seminaret går fredag 15.januar