SIMAS IKS tek samfunnsansvar

- Me trur det er avgjerande for verksemder som skal utvikle seg og vera med i framtida at dei definerer sitt 'samfunnsansvar'. Dette er viktig reint strategisk, men også viktig i det daglege, seier Hallvard Thomassen, direktør i SIMAS IKS i Sogn.

SIMAS IKS har stort fokus på avfall som ressurs. M.a. etablerer dei no ein strategiplan under arbeidstittelen "SIMAS – Ressursar på rett veg!"

Publisert 01.12.15

Direktør Hallvard Thomassen og styreleiar Jøril Hovland, i SIMAS IKS (interkommunalt renovasjonsselskap i Sogn), meiner begge at både offentleg privat sektor har eit stort utviklingspotensiale i- og for- alle bedrifter innafor området samfunnsansvar. Fyrtårn- verksemda som m.a. er ein pådrivar for å skape næringsutvikling gjennom avfall som ressurs har vore med i nettverket 'Samfunnsansvarleg næringsliv i Sogn og Fjordane' sidan oppstart i 2011.

Kva er kjerneverksemda dykkar og kor mange ansatte er de i dagSIMAS IKS er eit interkommunalt renovasjonsselskap stifta 20. mai 1994 og eigd av Aurland, Balestrand, Høyanger, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal. SIMAS handsamar i dag om lag 27.000 innbyggjarar som utgjer rundt 10.000 abonnentar. Vi skal løysa eigarkommunane sine forvaltnings- og arbeidsoppgåver innan avfallshandteringa på ein best mogeleg måte økonomisk, ressurs- og miljømessig. Vi har  ansvar for m.a. oppsamling, innsamling, transport, behandling og omsetning av alle avfallstypar i kommunane. I arbeidet skal det takast omsyn til brukarane/ innbyggjarane sine ønskje og interesser. SIMAS tel i dag 22 medarbeidarar i tillegg til dei som er engasjerte gjennom underleverandørar med innsamling av avfall.

Kvifor blei de med i nettverket 'Samfunnsansvarleg næringsliv i Sogn og Fjordane' og kva erfaringar har de gjort ved å vere med? Utgangspunktet var at me hadde behov for å klargjere kva vårt samfunnsansvar er, og korleis me kunne jobbe vidare med dette. Internt hadde vi behov for å tydeleggjera arbeidet vårt for dei tilsette, og setta fokus på den viktige jobben dei gjere kvar dag. I tillegg var det  viktig å formulerer dette i etiske retningslinjer under tittelen "Me skal kvar dag gjere vårt". Me hadde ei arbeidsgruppe som utarbeida forslag til etiske reglar som vart framlagt for styret til endeleg godkjenning. Me skal no arbeide med implementering av dei etiske reglane.

Parallelt med dette arbeider me no med ein ny strategiplan under arbeidstittelen "SIMAS – Ressursar på rett veg!"  Dette samsvarer godt med det som me definerte som vårt samfunnsansvar i byrjinga. Avfall er ein ressurs, og me skal i vårt daglege arbeid sørgje for at det kjem på rett plass! Erfaringa er derfor at me har hatt god nytte av det grunnarbeidet som vart gjort i starten av prosjektet.
Det var også inspirerande å sjå kva nokre av bedriftene i nettverket hadde gjort innan metodane Lean og 5S.  


Avfall blir ein viktig ressurs i framtida, seier direktør Hallvard Thomassen.

Korleis jobbar de med samfunnsansvar? Som nemnt har me fått på plass etiske retningslinjer. I tillegg har me laga ein strategisk plan for utviklingsaktivitetane. Dette er dei to aktivitetane som me har lagt størst vekt på. Frå 1.januar i år har me skilt ut dei «ikkje lovpålagde»-aktivitetane våre i eit eige selskap – SIMAS Næring AS. Dette for å vera tydeleg på at me ikkje driver kryss-subsidiering mellom lovpålagde oppgåver og konkurranseutsette aktivitet. Dette er viktig for i eit selskap som ønskjer å ta samfunnsansvar. Me har også fått på plass Miljøfyrtårngodkjenninga og er med i Statens Vegvesen sin kampanje "Trygg Trailer".  

SIMAS Næring er pådrivar for ei programsatsing på: Grøn Vekst – avfall som ressurs. Kan de sei litt om dette? Målet for satsinga Grøn vekst er å skape verdiar lokalt basert på lokale og regionale ressursar. T.d.  blir restavfallet i dag sendt til austlandet eller til Sverige, der det dannar grunnlag for aktivitet gjennom verdiskaping og arbeidsplassar . Vi ynskjer at denne verdiskapinga skal skje i vår eigen region, og vi jobbar difor på fleire frontar for å få dette til.
Vi har mykje skog, god infrastruktur gjennom djupvasskai og areal, vi har tett samhandling og kort veg mellom styresmakter og bedrifter, og vi har eit kompetent næringsliv med mykje kompetanse som er reell og representere eit svært godt utgangspunkt for å utvikle aktivitetar innafor gjenvinning av ressursar som er i avfallstraumane. Vi vil leggje til rette for arbeidsplassar i ein sirkulær økonomi. Og til dette treng vi både teknologisk utvikling, råvaretilgang og langsiktige samarbeidsavtalar for å få nok råstoff. 

Kva vil de oppmode andre bedrifter til med tanke på strategisk arbeid med samfunnsansvar? Me trur det er avgjerande for verksemder som skal utvikle seg og vera med i framtida at dei definerer sitt "samfunnsansvar" - dette er viktig reint strategisk, men også viktig i det dagleg. Me er ikkje i mål og ser behovet for å styrke arbeidet vårt og bevisstheita rundt dette. Det vert viktig å få til i strategiarbeidet vårt som pågår no, men me prøver også å få dette til i vårt daglege arbeid. Til dømes når me lagar anbodsgrunnlag på større kontraktar so set me fleire krav enn kun pris i grunnlaget!

I tillegg til å vere bevisst som innkjøpar, tenkjer vi det ligg eit stort utviklingspotensiale i- og for- alle bedrifter innafor området samfunnsansvar. Ved å vere oppteken av straumingane i samfunnet , både lokalt og globalt, kan ein oppdage nye område som treng ei ny teneste eller eit nytt produkt som bedrifta kan utvikle. Samfunnet er alltid i endring, og ved å spele saman med desse endringsstraumane vil bedrifta få ei berekraftig vekst og utvikling.

Meir om SIMAS IKS her:

Etikkhefte: Etikk i SIMAS IKS

Reint sagt, SIMAS IKS Nyheitsmagasin: http://www.simas.no/publikasjonar

Presentasjon SIMAS IKS - på møte i nettverket 'Samfunnsansvarleg næringsliv i SF' 23.oktober 2014:  Samfunnsansvar i praksis.

SIMAS Næringa AS - Grøn vekst i Sogn og Fjordane: 
http://www.kpsf.no/gron-vekst-i-sogn-og-fjordane/