Støtte til utviklingsprosjekt

Nettverket "Eit samfunnsansvarleg næringsliv i Sogn og Fjordane" vil i 2014-2015 gje bidrag til Røde Kors Sogn og Fjordane sitt prosjekt "Ferie for alle" og Plan Norge sitt tiltak "Reint vatn".

Publisert 06.11.14

Nettverket "Eit samfunnsansvarleg næringsliv i Sogn og Fjordane" ønskjer i fellesskap støtte to utviklingsprosjekt; eit regionalt og eit internasjonalt prosjekt. For 2014-2015 vil nettverket gi merksemd til Røde Kors og "Ferie for alle" og Plan Norge med "Reint vatn".

Verksemder vert oppmoda om å bidra med minimum kr 500 til kvart tiltak.

Ferie for alle

Mange barn får ikkje dei sosiale opplevingane dei treng fordi familien er i ein sårbar livssituasjon. "Ferie for alle" er eit gratis ferietilbod til desse familiane og eit supplement til andre offentlege tiltak. 

Familieleirane til Røde Kors Sogn og Fjordane er blitt svært populære og antal påmelde aukar for kvart år. Regionkontoret ser eit stort behov for å auke tilbodet ytterlegare og treng difor ekstra midlar og støtte for å sikre barns rettigheit til ferie.

Årsrapport frå 2014. Sjå meir om prosjektet HER.

Sjå film på YouTube.

Bidrag til Røde Kors kan overførast til konto: 3700 20 27616.   Merk bidraget med CSR Sogn og Fjordane/Ferie for alle.

Ved å gje bidrag får de eit skriv frå Røde Kors som takk for støtta.

For meir om Røde Kors sitt arbeid i Sogn og Fjordane sjå HER.

Reint vatn

Sogn og Fjordane har rik tilgang på reint vatn og Norge er eit av dei landa som har størst tilgang på reint vatn i verda. Men for mange mennesker er det ikkje slik.

Plan Norge sitt prosjektet "Reint vatn" handlar om å tilby reint vatn i blant anna Sierra Leone kor 60% av befolkninga på landsbygda manglar reint vatn. I følge FN dør fleire mennesker årleg av mangel på reint vatn og tilfredse sanitære forhold, enn av krig. På verdsbasis viser tal at 780 millioner mennesker lever utan tilgang på reint vatn.

Les meir om prosjektet HER.

Sjå film på YouTube.

Bidrag til Plan Norge kan overførast til konto: 7874 06 20877. Merk med: CSR Sogn og Fjordane/Brønnbygging i Sierra Leone.

Ved å gje bidrag får de eit skriv frå Plan Norge som takk for støtta.

For meir om Plan Norge sitt arbeid sjå HER.

   

Kontakt oss

Siri Laquian Stavang

Prosjektleder

NHO Sogn og Fjordane

siri.stavang@nho.no
Telefon
98031949