TINE Meieriet Byrkjelo tek samfunnsansvar

Fyrtårn- verksemda innan samfunnsansvar utmerkar seg med sitt gode arbeid med inkluderande arbeidsliv og låge sjukefråver, både i fylke og i TINE sentralt. – Vi har ei plikt til å yte noko tilbake til samfunnet, seier meierisjef Thorkild Heieren.

Publisert 01.10.15

Meieriet har vore med i nettverket Samfunnsansvarleg næringsliv i Sogn og Fjordane sidan 2011 og er viktige pådrivarar for å sette strategisk arbeid med Samfunnsansvar på dagsorden i fylke. Meierisjef Thorkild Heieren og personal- og HMS leiar Unni Verlo i TINE Meieriet Byrkjelo er begge engasjerte kollegaer som i mange år har sett verdien av å jobbe strategisk med samfunnsansvar.

1. Kva er kjerneverksemda dykkar og kor mange ansatte er de i dag? TINE Meieriet Byrkjelo er eit av TINE sine største og mest moderne meierianlegg med 165 tilsette. Anlegget tek mot 130 millionar liter mjølk i året. Vi produserer årleg 11 500 tonn Norvegia (av dette blir 10 200 tonn pakka i forbrukarpakningarpå anlegget), 2 800 tonn brunost og tappar 7,5 millionar liter konsummjølk. 

2. Kvifor blei de med i nettverket 'Samfunnsansvarleg næringsliv i Sogn og Fjordane' og kva erfaringar har de gjort ved å vere med?  TINE har ein overordna strategi for samfunnsansvar. TINE skal ta hensyn til sine sosiale og miljømessige omgjevnadar. Gjer vi det på den rette måten, vil TINE si konkurransekraft styrkast samtidig som vi bidreg til ei bærekraftig samfunnsutvikling.  TINE knytter arbeidet med samfunnsansvar til tre viktige område:

  1. Norsk mjølk - Tilstadeværelse, matkultur og tradisjon
  2. Bærekraftig ressursutnyttelse - Transport, emballasje, matsvinn og energi
  3. Riktig ernæring

TINE er heilt avhengig av ei levedyktig jordbruksnæring for å sikre tilgang på mjølk av god kvalitet. Vi ser at TINE sin tilstadeværelse har skapt sterk tilknytning til lokalsamfunnet med arbeidsplassar og aktivitetar og vi har fått eit levande Distrikts-Norge der kulturlandskapet vert pleia og kultivert, eit viktig fellesgode for helie befolkninga. I eit samfunn der det stadig vert stilt større krav til effektivitet og lønnsomheit, kan norsk matkultur og tradisjon gå tapt. TINE har utvikla, produsert og selt norske meieriprodukt sidan siste halvdel av 1800-tallet. Med ein slik plass i det norske folks liv, må vi i TINE ta eit samfunnsansvar for norsk matkultur og tradisjon.

TINE Meieriet Byrkjelo vart med i nettverket "Samfunnsansvarleg næringsliv i Sogn og Fjordane" fordi vi ville sjå nærare på kva TINE sin overordna strategi betyr for vårt meieri i praksis og har blitt endå meir bevisst dette viktige arbeidet.

3.
Korleis jobbar de med samfunnsansvar?
TINE Meieriet Byrkjelo arbeider med samfunnsansvar på mange områder, m.a.:

  • Gjennom Mjølkeprosjektet har vi i samarbeid med mellom anna Fylkeskommune og Innovasjon Norge gjennom 12 år, arbeidd for å sikre mjølkeproduksjon i Sogn og Fjordane. 
  • Det er og blitt sett iverk ei rekkje miljø- og energitiltak gjennom investeringar i til dømes varmepumper og auka kompetanse og involvering hos våre tilsette. Vi har tett oppfølging av måltall og miljørelaterte hendingar. Vi implementerer LEAN og kontinuerleg forbetring i organisasjonen. Gjennom denne satsinga har ein mellom anna oppnådd ein reduksjon i energiforbruk med 4,6% frå 2013 til 2014 (- 1,6 mill. kWt).
  • Vi har også innført øko-køyring for alle våre sjåførar.
  • Inkluderande arbeidsliv er eit svært viktig fokusområde for å skape trivsel og reduserer sjukefråver. Gjennom målretta arbeid reduserte vi sjukefråveret frå over 9% til under 3 %, og i 2013 fekk vi tildelt eldsjelprisen, noko vi stolte over.
  • I tillegg er sponsing  av lag og organisasjonar innan idrett og kultur viktig for oss.    

4. De har fått spesielt merksemd frå hovudkontoret kring dykkar arbeid med m.a. sjukefråver. Kva er årsaka til at de har lukkas med det lave sjukefråveret?  I TINE jobbar vi i mange ulike geografiske og fagelege einheiter og er avhengig av kvarandre. I tillegg er det ein sterk lojalitet i bedrifta og både leiarar og medarbeidarar er stolte over kva dei produserer, m.a. folkets favoritt Norvegia. Vi har fokus på å vere rett bemanna, ikkje for lite, ikkje for mykje og alle tilsette har delteke aktivt i sjukfråversprosjekt. Med oss i arbeidet har vi også NAV, bedriftshelsetenesta (BHT) og legane i distriktet som er  aktive og gode støttespillarar. Med dette har vi lukkas å auke trivsel blant dei tilsette og redusere sjukefråveret. Konkret jobbar vi m.a. med:

  • Nærværsarbeid for å redusere sjukekfråver (med m.a. NAV og BHT som er fast på anlegget ein gong i månaden)
  • Legg til rette for at våre tilsette skal vere fysisk aktive blant anna ved å gje dei tilbod om treningsprogram utforma av fysioterapeut som er på  anlegget kvar tredje veke.
  • Samarbeider godt med NAV og har jevnleg arbeidspraksiskandidatar i bedrifta, fleire av desse har fått seg fast jobb.
  • Ernæringskurs og matlagingskurs har vore arrangert for våre tilsette. Kantinekurs for tilsette og ansvarlege for kantiner i Sogn og Fjordane vert arrangert for 3. året på rad i samarbeid med Fylkeskommunen, Partnerskap for folkehelse.
  • Samarbeid med Ungt Entreprenørskap og skular om rekruttering
  • Er godkjend lærebedrift og har til ei kvar tid lærlingar hjå oss.  Samarbeider med Pro-opplæringskontoret for å sikre god oppfølging av våre lærlingar.


5. Kva vil de oppmode andre bedrifter til med tanke på strategisk arbeid med samfunnsansvar?

Det er viktig å bryte ned overordna strategiar til konkrete områder og arbeidsmål for å synleggjere kva dei betyr i den daglege drifta.

TINE Meieriet Byrkjelo vil no oppfordre bedrifter i Gloppen til ei satsing tilsvarande prosjektet "Jobbstrategi - eit samfunnsansvarleg næringsliv i Høyanger og Balestrand"som vart presentert på Årets IA-dag. Høyanger- verksemdene i samarbeid med NAV arbeidslivssenter og NAV lokalt har utvikla ein ny modell for å gje arbeidspraksis til ungdommar i alderen 18-30 år som av ulike årsaker står utan jobb. Verksemdene samarbeider om å utgjere ein «opplæringsloop», som gjer at unge vaksne får prøve seg 4 månader i alle dei tre bedriftene, og får variert jobberfaring og mulegheit til å vise seg fram.

TINE vil ta initiativ til eit informasjonsmøte. Ta kontakt om du vil høyre meir, seier Unno Verlo (unni.verlo@tine.no).

 
Bilete fra TINE sin stand på Karrieremessa til Framtidsfylke i Bergen i vinter. F.v. Cathia L. Baarøy (student på BI som har skreve oppgåve om TINE på Byrkjelo) og Unni Verlo.

Ler meir her:

http://www.tine.no/330446/mer-om-samfunnsansvar-i-tine

http://naringsbarometeret.no/article/roten-til-alt-godt

http://www.fjt.no/nyheter/article8268357.ece

http://www.tine.no/om-tine/meieriene/faste-produkter/tine-meieriet-byrkjelo