Samfunnsansvarlege bedrifter imponerte studentar

På Karrieremessa i Bergen 26. februar fekk studentar høyre om verksemder i Sogn og Fjordane som skapar stoltheit på arbeidsplassen og konkurransekraft gjennom å ta samfunnsansvar.

Publisert 03.03.15

På Karrieremessa i Bergen 26. februar stilte NHO Sogn og Fjordane med Stand og presenterte bedriftsnettverket "Samfunnsansvarleg næringsliv i Sogn og Fjordane" som NHO SF leiar.

Omdømme
I mange utdanningar er samfunnsansvar i dag eit eige fag og ungdommar har forventningar til korleis næringslivet opptrer. Tilbakemeldingane på messa er eintydige. Studentane ønskjer utelukka jobbe hjå verksemder som tek sitt CSR- arbeide (Corporate social responsibility) på alvor og bygger omdømme som samfunnsansvarleg bedrift.  

På messa fekk ungdommane høyre korleis nokre av Fyrtårn- bedriftene Lerum, Safeclean, Gloppen Hotell og Melin Medical   i CSR- nettverket, integrerer m.a. etisk handel, miljøtiltak, støtte til lokalsamfunn og inkluderande arbeidsliv som naturleg del i sitt daglege samfunnsansvarsarbeid. Å skape ein trygg arbeidsplass i lokalsamfunnet med fornøgde og stolte medarbeidarar er mykje av drivkrafta i arbeidet deira.

  Med Håkon Haugsbø som møteleiar fortalde Lerum, Safeclean, Gloppen Hotell og Melin Medical om sitt strategiske arbeide med samfunnsansvar for næringslivet i Sogn og Fjordane.

I ryggraden
Samfunnsansvar var også tema då bedrifter frå Sogn og Fjordane som var representert på Karrieremessa, møttes til Workshop i Bergen dagen etter. Håkon Haugsbø var med som møteleiar og stilte spørsmål til Fyrtårn- bedriftene kvifor dei hadde så stort fokus på samfunnsansvar.

Felles svar frå verksemdene er at strategisk arbeid med samfunnsansvar ikkje er noko ein gjer ved sidan av hovudaktiviteten i bedrifta, men er med som ein naturleg og integrert del og ei haldning innan alt verksemdene jobbar med. Det handlar om bli bevisst på kva gode samfunnsansvarstiltak ein allereie gjer, kvifor ein gjer det og korleis ein kan systematisere arbeidet for å skape eit godt arbeidsmiljø, eit godt produkt og gode tenester samtidig som bedrifta tener pengar og sikrar arbeidsplassar.

Skap engasjement
Det viktigaste er at tiltaka ein jobbar med først og fremst er forankra i leiinga og styre samtidig som dei tilsette er sterkt involvert og får eit personleg engasjement og stoltheit til arbeidet. Dette kan vere gjennom til dømes at verksemda støttar eit utviklingsprosjekt og jobbar med energieffektiviserande tiltak som reduserar CO2 utslepp og betrar miljøet.

Workshoppen vart avslutta med diskusjon i grupper for korleis dei ulike bedriftene kan arbeide meir systematisk med sitt samfunnsansvarsarbeide for å skape konkurransekraft og engasjement. Eit inspirert næringsliv tek med seg gode råd og tips tilbake til Sogn og Fjordane for å skape eit framtidsfylke innan samfunnsansvar.

 

Kontakt oss

Siri Laquian Stavang

Prosjektleder

NHO Sogn og Fjordane

siri.stavang@nho.no
Telefon
98031949