Vil bli ein føregangsregion innan samfunnsansvar

NHO overtek stafettpinnen frå Innovasjon Noreg, og fortset satsinga på samfunnsansvar i fylket. Gjennom arbeid med samfunnsansvar på viktige møteplassar i fylket er målet at fleire bedrifter skal integrere samfunnsansvar som ein naturleg del av sine strategiplanar og forretningsmodellar.

Publisert 19.09.14

Nettverkssatsinga "Eit samfunnsansvarleg næringsliv i Sogn og Fjordane"  er ei vidareføring av prosjekt med same namn som starta opp våren 2011 og vart avslutta mars 2014. NHO Sogn og Fjordane tek no satsinga vidare med støtte frå fylkeskommunen, i ein ny tre- års periode. Føremålet med satsinga er å styrke konkurransekrafta til det regionale næringslivet gjennom ei satsing på strategisk og innovativt samfunnsansvar. Om lag 40 bedrifter, offentlege arbeidsgjevarar og næringslivs-organisasjonar er med i bedriftsnettverket.

For meir informasjon om nettverket og fordelar ved å bli med, sjå HER.

Gode på samfunnsansvar
Det overordna målet med satsinga er at Sogn og Fjordane innan 2016 skal bli ein føregangsregion i Noreg og eit framtidsfylke innan samfunnsansvar. Prosjektleiar Siri Stavang i NHO Sogn og Fjordane skryt av det lokale næringslivet og håparat satsinga vil forsterke og utvikle det gode arbeidet som er etablert. "I fylke har vi allereie mange bedrifter som tek samfunnsansvar, og som har dette naturleg integrert i verksemda. Gjennom prosjektet  har vi i dag fyrtårnsbedrifter og eksemplar til etterfølging og ønskjer at fleire bedrifter løfter  samfunnsansvar til eit strategisk nivå."

Styrker konkurransekrafta
Gjennom å fokusere på strategisk og innovativt samfunnsansvar er føremålet med satsinga å styrke konkurransekrafta i det regionale næringslivet. Stavang fortel at satsinga løner seg på fleire måtar, mellom anna kva angår omdømme.

- "Bedrifter med ein tydelig samfunnsansvarlig profil får ein nærare relasjon til forbrukarane og er meir attraktive som leverandørar. Vi trur også at dette kan stimulere til innovasjon, betre løysningar og nye forretningsmuligheiter. Også internt i verksemdene ser vi at CSR (Corporate Social Responsibility) heng i hop med arbeidsmiljø, og at eit bevisst fokus på dette gir motivasjon, stoltheit og trivsel på arbeidsplassen."

Blir meir og meir aktuelt
Dei siste åra har omgrep som samfunnsansvar og CSR fått ein stadig meir relevant og sentral posisjon. Verksemdene sitt omdømme på sosiale og miljømessige omsyn blir mellom anna meir og meir aktuelt i rekrutteringssamanheng.

"Studentar og unge arbeidstakarar har eit meir bevisst forhold til dette enn tidligare, og vi ser at i kampen om å rekruttere dei kloke hovuda er bedriftene sin samfunnsprofil ein viktig faktor" avsluttar prosjektleiaren.  

 

 

Kontakt oss

Siri Laquian Stavang

Prosjektleder

siri.stavang@nho.no
Telefon
98031949