Westcon tek samfunnsansvar

Westcon Yard Florø er ein av fleire bedrifter som er medlem av nettverket samfunnsansvarleg næringsliv i Sogn og Fjordane.

Anne Karine Lysne, personalsjef i Westcon Yard Florø, seier dei har ein lang tradisjon for å kombinere etikk og samfunnsansvar med si drift og forretningsverksemd.

Publisert 09.02.16

Sogn og Fjordane

Her kan du lese litt meir om deira arbeid med samfunnsansvar i det daglege. Anne Karine Lysne, personalsjef i Westcon Yard Florø, har svart på nokre spørsmål som NHO Sogn og Fjordane stilte i samband med deira deltaking i nettverket.

Kva er kjerneverksemda dykkar og kor mange tilsette er de i dag?

Westcon Yards, Florø er eit tradisjonsrikt verft, ei hjørnesteinsbedrift i lokalsamfunnet med ei lang og stolt historie tilbake til 1949. Verftet er ein del av Westcon Group som er ein leiande totalleverandør av dei beste og mest innovative løysingane, tenestene og produkta innanfor offshore, energi og maritim industri. Westcon Yards, Florø satsar innan forretningsområda skip/skipsreparasjon (vedlikehald, service, ombygging og klassing) - Subsea (fabrikasjon, samanstilling og testing av subsea modular) og Rigg (reparasjon, service, klassingar og  oppgraderingar ).

Verftet har 115 eigne tilsette, i tillegg eit varierande tal innleidde, avhengig av bemanningsbehov i pågåande prosjekt.

Kvifor blei de med i nettverket 'Samfunnsansvarleg næringsliv i Sogn og Fjordane' og kva erfaringar har de gjort ved å vere med?

Ved Westcon Yards, Florø har vi ein lang tradisjon for å kombinere etikk og samfunnsansvar med vår drift og forretningsverksemd.  Bedrifta sine kjerneverdiar og etiske retningsliner samsvarer godt med verdisettet innafor samfunnsansvarleg næringsliv. Vi vurderer samfunnsansvar som viktig å integrere i vår strategi, både fordi vi meiner det er riktig i seg sjølv og fordi det kan være lønsamt, sidan det påverkar vårt omdømme og relasjonen til våre kundar.

Nettverket «Samfunnsansvarleg næringsliv»  er ein viktig arena for kunnskaps- og erfaringsdeling gjennom arbeidet med samfunnsansvar. Deltaking i nettverket fremjar bevisstgjering og utvikling på dette området. 

Westcon har fleire arbeidstakarar frå utlandet, korleis tek de imot desse og kva er erfaringane?  

Vi søkjer å gje dei som flyttar hit frå andre land ei inkluderande mottaking og ei oppleving av å vere velkommen. Ved tilflytting yter vi støtte både med praktiske og administrative utfordringar; vi er mellom anna behjelpeleg med å skaffe bustad, bistår ved kontakt med norske myndigheiter, informerer om lokalsamfunnet og meir. Vi prøver på ulik måte å leggje til rette for at dei nytilflytta raskast muleg kan finne sin plass, fungere og trivast på laget vårt. Viktige bidrag til dette er bevisst organisering, omfattande informasjonstiltak, målretta opplæring (HMS, norsk språk) og kontinuerleg arbeid med å skape eit inkluderande og godt psykososialt arbeidsmilø. Integrering er og avhengig av bidrag frå fleire andre partar, ikkje minst den nykomne sin eiga haldning og innsats er avgjerande for om dette skal lukkast.  

Det er vår erfaring at godt integreringsarbeid gir mange positive effektar; det fremjer den nytilflytta sin funksjon i jobb samt trivsel på arbeidsplassen, det gir motiverte og lojale medarbeidarar, bidreg til interkulturell forståing og eit meir kulturope lokalsamfunn.

Kva vil de oppmode andre bedrifter til med tanke på strategisk arbeid med samfunnsansvar?

Det er viktig at dette ikkje blir etablert som eit åtskilt prosjekt, men at arbeidet med samfunnsansvar  inngår i den daglege drifta og blir ein naturleg del av bedriftskulturen og ryggmargsrefleksen.


Mihail Sora er arbeidsinnvandrar frå Romania, og har blitt godt motteke og intergrert på verftet i Florø. 

Westcon var sentral i kunstprosjektet "Replanted identity" eit kunst/designprosjekt gjennomført i Florø og i verfts/hamnebyen Saint Nazair i Frankrike våren og hausten 2014. Under seminaret « Dele – tilpasse – tilhøyra» fekk vi høyre at Mihail Sora, HSE inspector på Westcon var inspirasjonskjelda til  «the Wrestler» ein skulptur av Signe Solberg. Kan de fortelje noko om dette samarbeidet og kvifor Sora vart så sentral for Solberg?

Med bakgrunn i tema for prosjektet og vår internasjonale arbeidsstokk fann vi dette interessant og relevant og takka ja til å bli med som samarbeidspartnar. Vi opna verftet for dei aktuelle kunstnarane og anlegget her blei ein viktig arena i ulike fasar av prosjektet. 

Vår HSE Inspector Mihail Sora, arbeidsinnvandrar frå Romania, møtte kunstnarane på ein positiv og inkluderande måte. Han var behjelpeleg med å skaffe til veie utstyr og materialar, og følgde dei på ulik måte undervegs. I tillegg til dette blei Sora sin bakgrunn som toppidrettsutøvar (mellom anna rumensk mester i judo) ei inspirasjonskjelde for Solberg sin skulptur, «The Wrestler»

Tre tips frå Mihail Sora til bedriftsleiarar om integrering:

Sora understreker verdien av å få hjelp med praktiske og administrative oppgåver ved tilflyttinga; mellom anna  å skaffe bustad og handtere formalitetar i møte med norske myndigheiter. Slike oppgåver er krevjande og tilflyttarar frå utlandet har stort behov for støtte til å handtere dette. Omfattande informasjon om bedrifta er også eit veldig viktig bidrag til å kome raskt inn i jobben og til å komme på innsida av bedrifta. I tillegg held Sora fram verdien av norskopplæring; det er ein nøkkel både i forhold til jobben og arbeidsmiljøet.


Sora var Solberg si inspirasjonskjelde for denne skulpturen,
"The Wrestler".