Dialogkonferanse 23.mai

Vil du høyre om Helse Førde sine planar og utfordringar og vere med og drøfte framtidige løysingar?

Publisert 28.04.16

Sogn og Fjordane, Leverandørutvikling

Helse Førde er i gang med å planlegge framtidas spesialisthelseteneste. I fylket vårt vil vi bli stadig fleire eldre og sjuke. Men vi blir ikkje fleire yrkesaktive. Denne utfordringa vil krevje samarbeid og nytenking. Vi skal sikre bærekraftige tenester for framtida, og må arbeide med tenesteutvikling og innovasjon.

Her kan du lese meir om programmet.

Vi inviterer næringslivet i Sogn og Fjordane til ein uforpliktande dialogkonferanse der vi vil informere om planane våre og dei utfordringane vi ser. Dette kan vere ein start på å utforske moglegheiter for eit vidare samarbeid om innovasjon, som på sikt kan gje grunnlag for innovative anskaffelsar. Du vil få høyre eksempel frå bedrifter som har lukkast med å skape løysingar for helsetenesta. 

Konferansen er meint som ein første arena for å bli kjend og utforske spørsmål:                                                                  
Kva for relevante kompetansemiljø finst i det private næringslivet i Sogn og Fjordane?                                                                                                       
Korleis kan bedrifter spele inn sine idear?                                               
Kva handlingsrom har det offentlege når det gjeld samhandling med næringslivet? 

Konferansen er open for alle som er interesserte i innovasjon innan helsesektoren.

 

Se programmet her

Kontakt oss

Line Træen

Prosjektleder

line.traeen@nho.no
Mobil
95943895