Yrkesfag, ein døropnar

Bernt Erlend Fridell skriver om alle mulighetene man får ved å velge yrkesfag i denne kronikken.

Bernt Erlend Fridell på YrkesVM i London

Publisert 27.02.15

Trøndelag, Kompetanse

Me er no i tida der store val om utdanning skal takast. Rundt i dei mange heimar er det nok mange usikre 10.klassingar som ikkje veit kva dei skal bli, og med alle dei usikre tenåringane følgjer det med eit dobbelt tal usikre foreldre. Usikre foreldre skuldast ofte feil og for lite informasjon om kva moglegheiter ungdommen har når det store valet skal takast. For det er slik at ein stor del av foreldregenerasjonen trur at det berre er studiespesialiserande, tidlegare allmennfag, som vil gi ein god og solid utdanning. Mange trur også at det berre er ungdommar med lågt karaktersnitt og dårlege teoretiske ferdigheiter som vel yrkesfag. Dette er jo sjølvsagt heilt feil, og eg skal prøva å forklara kvifor ved å fortelja om vala mine og korleis eg no ser tilbake på dei ti siste åra.

Elektrofag

Då eg var 15 og skulle ta det store valet, hadde eg lenge vore interessert i skru og mekke på elektriske duppedingsar. Eg likte godt å arbeide praktisk og såg føre meg at elektrofag kunne væra aktuelt. På den andre sida var det ein del av meg som trekte mot studiespesialiserande. Eg var flink teoretisk og gjorde det godt i dei fleste fag på ungdomsskulen. God vegleding gjorde at eg til slutt valde elektrofag på yrkesskulen, og eg la ein plan om at eg kunne få utvikla meg både praktisk og seinare teoretisk gjennom ei ingeniørutdanning.

For etter ein har fullført yrkesskulen, har ein svært så mange val. Om ein finn ut at yrket ein har valt ikkje er noko særleg, har ein moglegheit til å ta eit år med påbygging for å få generell studiekompetanse. Dei fleste vil nok derimot tykkja at yrket verkar spennande. Ein har då moglegheit til å bli lærling og å ta fagbrev eller sveinebrev. Ein får komma seg ut i arbeid og tena sine eigne pengar, samtidig som ein lærer seg eit fag. Tida i lære er også ei flott tid til å modnast og tenkja på kva ein vil etter at fagprøven er bestått.

Interessant læretid

Læretida mi var svært så interessant. Eg fekk væra med å byggja skular og hus og eg fekk delta i yrkeskonkurransar i elektrikaryrket. Læretida var ei svært kjekk og lærerik tid som bydde på fleire gevinstar enn eg kunne ana. Mange foreldre og 10.klassingar trur nok at toppen blir nådd ved eit fagbrev eller sveinebrev. Men tvert imot er det no moroa verkeleg startar. Som fagperson har du ein særs god plattform for å gjera det godt i vidare utdanning. Du kan studere til ingeniør, bli fagteknikar og du kan til og med starte di eiga bedrift.

Eg for min del starta på Høgskulen i Sør-Trøndelag for å bli elektroingeniør. Det er eit val eg ikkje vil angre på. No når eg nærmar meg slutten av utdanninga, ser eg at eg har greidd å blanda den solide og praktiske kunnskapen min frå læretida ilag med den meir teoretiske kunnskapen eg har fått på ein god måte. I løpet av utdanninga har eg også gjort ein enkel konklusjon om at erfaringa som fagbrevet og læretida har gitt meg har vore svært god å ha. Den praktiske erfaringa har gitt meg mykje betre innsikt og oversikt i faga i forhold til medstudentar som for eksempel kjem rett frå studiespesialiserande/allmennfag. Eg jobbar og studerer rett og slett på eit heilt anna grunnlag enn det mange andre gjer! Dette meiner eg er ein kjempefordel både no og når eg om ikkje så alt for lenge skal utatt i arbeid som ingeniør.

Eg håpar at eg med dette innlegget har fått formidla at det er fullt mogleg å velja yrkesfag, utan å lukke døra til ei meir teoretisk utdanning. Det er viktig å væra klar over at vegen til høgare utdanning kan gå gjennom yrkesskule. Yrkesutdanninga var verkeleg ein døropnar for meg, som viste meg at det var fullt mogleg å kombinere eit praktisk yrke med teoretisk kunnskap!

Kronikken er skrevet av Bert Erlend Fridell og stod på trykk i Adresseavisen 27.februar 2015