Styrking av fagskulane viktig for å løfte yrkesfaga

Norske bedrifter skrik etter fagskuleutdanna. No vil endeleg Regjeringa gjere fagskulane like synlege og attraktive som universiteta og høgskulane.

#205

Fotograf: iStockPhoto

Publisert 06.12.16

Sogn og Fjordane

Fredag la Regjeringa fram stortingsmeldinga si om fagskular, som er høgare yrkesfaglege utdanningar. Det var på tide, for det er eit stor behov for fagskuleutdanna i arbeidslivet. Med dette  får fagskulane eit etterlengta løft. Reforma inneber innføring av studiepoeng, mulegheit for 3-årig fagskuleutdanning, rett til deltaking i studentsamskipnaden for studentar og ny finansieringsmodell.

NHO Sogn og Fjordane er veldig nøyd med regjeringa si satsing på fagskulen. Seks av ti medlemsbedrifter hos oss opplyser gjennom NHO sitt kompetansebarometer at dei har behov for personar med fagskuleutdanning. Mange slit nemleg med å få tak i denne kompetansen i dag.

Difor er det viktig å auke talet på fagskuleutdanna både i Sogn og Fjordane og på landsplan. Det vil bidra til å redusere det udekka behovet for yrkesfagleg kompetanse og utvikle ny kompetanse som arbeidslivet treng.

Ei styrking av høgare yrkesfagleg utdanning vil også synleggjere mange fleire utdanningsmulegheiter og vise at fagskuleutdanninga er eit attraktivt alternativ på linje med høgskule- og universitetsutdanning. Ei undersøking NHO har gjort, viser at foreldre har lite kunnskap om alle utdanningsmulegheitene yrkesfag gir. Dette er urovekkjande når vi veit at foreldra er dei viktigaste påverkarane når det kjem til utdanningsval for borna.

Innføring av studiepoeng i fagskulane vil bidra til gode overgangar mellom høgare akademisk og høgare yrkesfagleg utdanning for dei som ønskjer det. Dette kan kombinerast med gode overgangsordningar som krav for høgskular og universitet i høve til å vurdere fagskuleutdanning når det gjeld innpass i sine studie.

NHO Sogn og Fjordane er også glad for at studentane no får rett til å delta i studentsamskipnader. Dette saman med like god rettstryggleik som studentar ved akademiske utdanningsinstitusjonar vil bidra til eit likeverdig studieløp med anna høgare utdanning.

NHO er også veldig positive til ein ny modell for finansiering. Denne vil gjere det lettare å utvikle fagskuletilbodet i takt med arbeidslivet sine behov. Slik NHO ser det, vil ei endring i finansieringssystemet bidra til større effektivitet og samstundes støtte opp under kvalitetsarbeidet som føregår kringom på fagskulane. Overgangen til ein slik finansieringsmodell vil innebere auka fokus på resultat. Modellen vil truleg auke kvaliteten på kandidatane frå fagskulane ved at fleire gjennomfører fordi fagskulane blir premierte for tal studentar som fullfører utdanningstilboda.

Dette er altså ei godt tiltak i fagskulens år!

                                                                           

Kontakt oss

Jan Atle Stang

Kommunikasjonssjef

Kommunikasjon

jan.stang@nho.no
Telefon
90576419