Muligheter i Mexico

Mexico har i samband med reformer i mellom anna energisektoren vorte til eit særs interessant land for norsk næringsliv. Nyleg inviterte NHO til seminar om moglegheitene i landet.

Tore Myhre

Tore Myhre, avdelingsdirektør for internasjonalisering og europapolitikk i NHO.

Publisert 05.05.14

Internasjonalt

Mexico vert rekna blant verdas sju mest attraktive økonomiar for utanlandske investeringar og med verdas fjortande største økonomi. Den 30. april gjekk seminaret "Doing business i Mexico" av stabelen i Næringslivets Hus, der eit femtitals gjestar dukka opp for å høyra om dei nye moglegheitene som finst i Mexico.

Direktør for NHO si avdeling for internasjonalisering og europapolitikk, Tore Myhre, drog i gong arrangementet med helsingstalen sin. Han tok der opp dei mange moglegheitene som i dag finst for norske bedrifter i Mexico, både i energisektoren og andre sektorar, den auka handelen ein i dag har mellom Noreg og Mexico og at Noreg kanskje kunne vera eit like eksotisk reisemål for mexicanske turistar som Mexico er for norske.  Han peikte og på korleis moglegheitene som opna seg i energisektoren kunne vera særskild interessante for norske bedrifter:

- Energireforma i Mexico og opninga for utanlandske investorar gjer at norsk ekspertise og norske erfaringar kan verta særs verdifulle i arbeidet med å ta den mexicanske energisektoren vidare mot sitt fulle potensiale.

Noreg sin ambassadør til Mexico, Merethe Nergaard, tok opp ambassaden sitt arbeid for næringsfremje i Mexico. Vidare vart dei nye reformene presenterte og både moglegheitene og suksesshistoriene frå norske bedrifter vart summert opp.

Seminaret vart så avslutta med lunsj, der nok mange gode idear om næringslivssamarbeid mellom Noreg og Mexico vart diskutert.

For bedrifter som er interesserte i moglegheitene i Mexico og vidare er Nordic Business Days i Mexico 11. og 12. november noko ein bør ta del i, informasjon om program og registrering finn ein nedst på sida. 

Kontakt oss