Overraska over NHO-styrken

Dei fire masterstudentane som har hatt praksis i NHO visste lite om NHO før dei kom hit. Etter fem veker er dei både glade og overraska over kor sterk NHO er, og kor mange fagområde NHO dekker.

Ein glad gjeng utanfor Næringslivets Hus. Frå venstre ser vi Sondre Sundeng, Hamra Gizem Can, Ole Erik Almlid, Maria Einersen og Finn Christian Andresen. Foto: Anne Birgitte Hjelseth

Ein glad gjeng utanfor Næringslivets Hus. Frå venstre ser vi Sondre Sundeng, Hamra Gizem Can, Ole Erik Almlid, Maria Einersen og Finn Christian Andresen. Foto: Anne Birgitte Hjelseth

Publisert 09.11.17

Kompetanse og utdanning

Dei fire studentane studerer alle arbeidslivspedagogikk ved UiO, men fordjupar seg i ulike områder. Så kvifor valde dei eigentleg NHO som praksisplass? Var det fordi dei kjende så godt til NHO som interesseorganisasjon? Nei, akkurat det vil ingen av dei påstå.

Googla NHO

Finn Christian Andresen (27) frå Oslo seier at han visste litt om NHO fordi han hadde snakka med tidlegare praktikantar i NHO. Dei gav ein god "attest". Sondre Sundeng (25) frå Elverum hadde praksis i Finansdepartementet, der dei aldri før hadde hatt praksisstudentar. Han ville til ein plass der dei var vant med praktikantar. Han høyrde rykte om at NHO var bra, difor søkte han.

Hamra Gizem Can (24) frå Oslo fatta interesse for NHO på ein litt annan måte. Ho spaserte forbi Middelthunsgate 27, såg NHO-skiltet, og syntest det såg spennande ut. Ho googla namnet og fatta umiddelbart interesse. Dermed fekk ho venninna Maria Einersen (26) frå Trondheim med seg på å søke i NHO.

Alle med spissa øyre

Og ingen av dei angra på det valet dei gjorde. NHO har vore ein god praksisplass, meiner dei alle.

- Vi visste at NHO var ein interesseorganisasjon for bedrifter, men den er jo langt større enn vi trudde. At NHO representerer ein halv million årsverk var overveldande, og at NHO dekker så mange fagområde er imponerande, seier dei.

Men det som har overraska dei fire praktikantane mest er likevel den store påverkingskrafta dei meiner NHO har. Og ikkje minst kor mange arenaer NHO deltek på.

- Det kom heilt overraskande på oss at NHO sit i så mange viktige og sentrale råd og utval, og kor stor tillit folk ha til NHO; ikkje minst politikarane, seier dei, og viser til at alle fire har fått delta under høyringar på Stortinget. I tillegg har Finn Christian og Sondre fått seg ein prat med kunnskapsminister Henrik Asheim.

- Det var tydeleg at alle politikarane ønskte å høyre kva NHO meinte om saker som var oppe til høyring. Alle viste respekt og sat med spissa øyre og lytta til NHO, seier dei.  

Gode knaggar

Når det gjeld opphaldet i NHO er dei også samstemte i at det har vore givande og at det har gitt dei god ballast vidare, både i studiet og det som måtte komme etterpå. Dei er også nøgde med oppfølginga i dei to avdelingane dei har praktisert i, Kommunikasjon og Kompetanse og innovasjon.

- Folk i NHO har vore veldig imøtekommande og hjelpsame. Vi er vist tillit, nesten som tilsette, og vi er blitt involvert i ulike arbeidsprosessar. Det betyr mykje, og slik er det ikkje for alle masterstudentar som har praksis kringom, seier dei, og legg til at praksisopphaldet har gitt knaggar dei kan henge teorien på.

- Vi får stor kjennskap til det reelle arbeidslivet, og vi har på mange måtar lært å skille det som er viktig frå det som er mindre viktig; prioritere. Dessutan gir det oss eit pusterom i studiet og gode døme på at teorien vi lærer er meint å skulle brukast ute i det verkelege livet, seier dei. 

Vil komme tilbake

- Men det må då vere negative ting også i NHO-verda? Eller er alt fryd og gammen, spør vi?

Dei fire flakkar med blikket og leitar etter dei rette orda:

- Vi har eigentleg ikkje så mykje negative eller kritiske å seie, men for oss som har vore på Kompetanse og innovasjon skulle vi gjerne sette at vi var litt meir kopla til HR-avdelinga. Dette har med studiet vi går på å gjere, som er meir beslekta med HR. Men det er eigentleg berre ein bagatell, for vi hadde også ei innføring i HR, noko som var midt i blingen for oss, seier Finn Christian og Sondre, som også presiserer sterkt at kompetanse og innovasjon er svært viktige områder som har gitt dei nyttig kunnskap og erfaring.

Dei fire er samstemte om at NHO-opphaldet har vore svært givande og interessant, og dei er samde om at dei godt kunne hatt meir enn fem veker i M27. Og når det kjem til forventningar svarer dei i kor at dei har opplevd meir enn forventa.

- Vi hadde høge forventningar, og dei er oppfylte og vel så det. Vi trudde det skulle vere gøy, men ikkje så gøy. Vi har jo fått vere med på "alt", seier dei fire, som gjerne kan tenke seg å komme tilbake til NHO ved eit seinare høve.

Viktig for NHO

Viseadministrerande direktør i NHO, Ole Erik Almlid, seier at dei fire studentane har bidratt positivt i dei avdelingane dei har vore. Og han er glad for at dei har hatt utbytte av opphaldet. Han slår samstundes fast at slike praksisopphald også er viktig for NHO.

- Å få studentar inn i organisasjonen representerer ikkje berre ei vitalisering, det er også viktig for omdømet vårt. Dersom dei føler at dei har blitt godt mottatt og fått godt fagleg utbytte av opphaldet, vil nok dei fortelje det vidare til sine venner og medstudentar. Med omdømeanalysen som bakteppe seier det seg sjølv at det er viktig at unge folk ser betydninga av NHO sitt arbeid og kva vi verkeleg står for i samfunnet, seier Almlid, og legg til at dei innspela som studentane har kome med undervegs i praksisperioden er viktige, og vil bli jobba vidare med i organisasjonen.

Les også:

Oppfordrer bedriftene til å ta inn praksisstudenter

Fem flotte uker i NHO

- Nå kan vi koble teori og praksis på en helt annen måte

Teori i praksis

Kontakt oss

Tor Erik Groeng

Seniorrådgiver

Kompetanse og innovasjon

tor.e.groeng@nho.no
Telefon
23088215