Ser for seg ei maritim framtid

Sunniva Garshol frå Ulsteinvik og Karl-Erik Sæbønes frå Sæbø er i sommar to av mange som har sommarjobb i Ulstein som ledd i langsiktig rekruttering.

Sjef for innovasjon og marknad i Ulstein, og NHO-president, Tore Ulstein (til venstre) og HR-direktør Torild Bugge (til høgre) saman med nokre av dei som har sommarjobb og praksisplass ved Ulstein denne sommaren. (Foto: Ulstein)

Publisert 09.07.14

Kompetanse og utdanning

Begge har vore TAF-elevar (tekniske og allmenne fag) med utplassering på Ulstein Verft og har fagbrev som industrimekanikarar. Begge har stipend frå Ulstein for å ta vidare utdanning. Der stoggar likskapen; dei to har valt heilt ulike utdanningsretningar. Den eine skal bli arkitekt, den andre maskiningeniør.

- Vi er medvitne på å bygge opp langsiktig, maritim kompetanse i regionen, og satsar sterkt på framtidig rekruttering gjennom å tilsette lærlingar, TAF-elevar og sommarhjelper eller å gi praksisplassar til studentar, fortel HR-direktør Torild Bugge. Meir enn 20 personar er i sommar sysselsette i ulike jobbar. 

Likar å finne løysingar sjølv

To slike tidlegare TAF-elevar, er altså Karl-Erik Sæbønes og Sunniva Garshol. Karl-Erik er ein type som likar å utvikle ting sjølv. 

- Eg kom til Ulstein Verft som 16-åring, og vart tatt godt i mot. Eg fekk ein svært god arbeidsleiar som såg at eg likte å finne ut ting sjølv. Han gav meg oppgåver det ikkje fanst teikningar på, der eg sjølv måtte finne ei løysing.

- Eg går no på Høgskolen i Ålesund for å bli produktutviklar. Det gir kompetanse til å jobbe som maskiningeniør. Eg er utruleg glad for TAF-ordninga, den gir mange fordelar når ein vel å verte ingeniør seinare. I tillegg til realfag får ein praktisk tilnærming, og innsikt i korleis ting fungerer på golvet.

Valde arkitektstudiar

Sunniva Garshol har ikkje valt ei utdanning ein tenkjer på som relevant for den maritime næringa. Ho held på med arkitektutdanning i København, men får likevel stipend frå Ulstein.

- Eg trudde kanskje ikkje eg kom til å få stipend når eg valte arkitekturretninga, men bedrifta såg at utdanningsvalet kan vere relevant. Det er flott at dei er opptekne av mangfald og har litt variasjon i kven dei vel å gi stipend til. Det er ganske unikt, trur eg, seier Sunniva.