Maskinskatten må vekk – no!

Få med deg innlegget om maskinskatten som leiarane i Fellesforbundet og Norsk Industri har skrive saman.

Robot Industri Maskin

Fotograf: Norsk Industri

Publisert 26.10.17

Skatter og avgifter

Av Jørn Eggum, leiar i Fellesforbundet og Stein Lier Hansen, adm. dir. i Norsk Industri. Publisert i Klassekampen 26. oktober 2017.

Regjeringa føreslår å gradvis fjerne eigedomsskatten på arbeidsmaskiner m.v. innan 2023. Det er eit prinsipp vi støttar. Dette er ei sak som har årsaka mykje krangel mellom industrien og rådmenn i årevis og fleire gonger hamna i rettsapparatet. Regelverket har vore både utdatert og svært komplisert.

Kommunal eiendomsskatt må vi ha. Men den må vera på eigedomar, ikkje på maskiner og produksjonsutstyr. Og den må gjelda likt for alle næringar. I dag blir industribygga opna for takstfolk, som på vilkårleg vis legg grunnlaget for skattlegging også av maskiner. Men ikkje alle takserer maskinene. Nokre held maskinene unna taksering. Slik kan vi ikkje ha det. Denne skatten verkar for tilfeldig i dag, og det er ikkje riktig at utstyr som går med i produksjon skal vera grunnlag for eigedomsskatt. Likearta bedrifter i ulike kommunar får ganske ulik skatt etter korleis den blir fastsett frå kommune til kommune.

Det er tusenvis av ulike maskiner i industrien, og den teknologiske utviklinga går raskt. Maskinparken må stadig skiftast ut. Ettersom kvar dom i rettssystemet er spesifikk for den enkelte maskina i gjeldande bedrift, basert på skjønnsmessig heilheitsvurdering, har dommane avgrensa overføringsverdi til andre maskiner i andre bedrifter. Derfor blir denne skatteforma slik den er i dag ikkje føreseieleg, uansett kor mykje den blir utgreia. I dag er det kommunestyrer og rettsapparatet som prøver å tolke eit regelverk som Stortinget har ansvar for. Vi appellerer til Stortinget om å gjere jobben sin og sikre at systemet blir føreseieleg.

Som partar i frontfaget ser vi korleis konkurransen etter finanskrisa har hardna til – og kor viktig det er at industrien får tilgang til den ypparste teknologien for dei  beste produksjonsarbeidarane i verda, slik at vi klarer å konkurrere om oppdrag framover. Etter fleire år med låge investeringar og knallhard nedtur for oljesektoren, ser utsiktene lysare ut framover. Det er vårt intense ønske at investeringane i industrien må auke i åra framover. Det er vår erfaring over tid at sysselsettinga aukar og blir best sikra, når investeringane i industrien aukar.

Inntil nyleg hadde landet ein ekstra avskrivingskostnad på maskinene i industrien, for å stimulere bedriftene til å investere meir. Den er diverre borte. Desto viktigare er det no at vi får endra eigedomsskatten, slik at produksjonsutstyret ikkje blir omfatta.

To regjeringar har over åtte år erkjent problemet fullt ut, men ikkje funne noka løysning som Stortinget kunne samle seg om. Regjeringa sitt forslag er eit kompromiss. Dette forslaget kan sikkert også justerast, og ein kan sjå på inntektsfordelinga mellom stat og kommunar. Men det som er viktig no, er at vi framover får eit regelverk som er tydeleg på at industrien slepp denne uendelege prosessen om korleis maskinparken skal avgrensast. Maskinskatten må vekk – no!