Maskinskatten: Viktig info om utfasing

Maskinskatten skal som kjent fasast ut i løpet av åtte år. 21. mars arrangerte difor Norsk Industri og NHO eit seminar der ein gjekk gjennom siste nytt om denne skatten.

Foto: Norsk Industri

Foto: Norsk Industri

Publisert 04.04.18

Skatter og avgifter

Under seminaret informerte direktør i Norsk industri, Knut Sunde, mellom anna om bakgrunnen for at maskinskatten måtte fjernast og kva som blei resultatet av den prosessen som før jul førte til at Stortinget gjekk for ei utfasing gjennom åtte år.

Advokat Morten Fjermeros fra Hjort snakka deretter om kva industrien måtte vere merksam på når det gjeld taksering i år og neste år. Han snakka også om kva ein bør vektlegge ifm eventuelle klager.
På slutten av seminaret vart det opna for spørsmål, der advokat i NHO, Ellen Mulstad, Knut Sunde og Morten Fjermeros svarte på spørsmål fra salen.

Her kan du sjå opptak fra seminaret, samt presentasjonane til Sunde og Fjermeros.

Kontakt oss

Ellen Mulstad

Advokat

Samfunnsøkonomi

Ellen.Mulstad@nho.no
Mobil
93046833