NHO

Innhold

Årets lærling i Møre og Romsdal

Nyhet, NHO Møre og Romsdal

Publisert

#205

Årets lærling 2019: Martinus Giske Skrede held hovudet kaldt i stressande situasjonar. Fotograf: Møre og Romsdal fylkeskommune

- Det er utruleg stort når eg tenker på kor mange lærlingar og lærebedrifter som finst i fylket, seier ambulanselærlingen frå Giske.

Det er første gongen Årets lærling er kåra i Møre og Romsdal, og ifølge juryen er Martinus Giske Skrede frå Giske ein svært verdig vinnar.

Han har gått vg1 og vg2 på Fagerlia vidaregåande skole og hatt praksisplass på klinikk for akuttbehandlinga, Helse Møre og Romsdal HF, skriv fylkeskommunen i ei pressemelding.   

Fagleg sterk
Om vinnaren seier juryen:
- Martinus er fagleg sterk og gjennomførte den praktiske prøven på ein svært overtydande måte. Han har vist at han har tileigna seg stor kunnskap innanfor alle felt i ambulansefaget. Han kan handtere alvorleg sjuke, alvorleg skadde og livlause pasientar på ein svært god måte og er god til å støtte pårørande og pasientar i alle situasjonar.

I tillegg til heider og ære, får Årets lærling 10.000 kroner, diplom og blomar.

Vart overraska
Lærlingen sjølv vart svært overraska då han fekk telefon om at han hadde vunne kåringa.

- Eg hadde ikkje høyrt om kåringa og visste ikkje at eg var nominert. Det er utruleg stort når eg tenker på kor mange lærlingar og lærebedrifter som finst i fylket. Det bekreftar at eg har gjort noko bra, seier Årets lærling.

No er han ferdig utdanna ambulansefagarbeidar og er vikar ved ambulanseseksjonen i Ålesund, på jakt etter fast jobb.

I 2018 vart det gjennomført 1663 fag- /sveineprøvar i Møre og Romsdal. 512 kandidatar fekk resultatet Bestått meget godt. Av desse nominerte prøvenemnder, opplæringskontor og lærebedrifter 28 kandidatar til konkurransen.

Det er Møre og Romsdal fylkeskommune som står bak arrangementet. Med kåringa ønsker dei å auke interessa for yrkesfaga.