Leiarskap og løysingar

Hotel Norge by Scandic Ingen deltakaravgift Påmeldingsfrist 15.mars

Velkommen til Leiarskap og løysingar - regional årskonferanse i Bergen den 20. mars. Norge har store ambisjonar for nye næringar og auka eksport. Grøn konkurransekraft, kunstig intelligens, digitalisering og europeisk samarbeid blir endå viktigare. Men kva er Vestland sin plass i dette? Kor skal vi? Og kven tar leiing og set retning?

Årskonferansen er  møteplassen mellom deg og politikarane. Politikarane vil høyre kva du forventar av dei. Her kjem politikk, næringsliv og akademia  saman for å finne løysingar og vise leiarskap.

Tema for dagen:

  • Grøn konkurransekraft og utsleppskutt
  • Digitalisering og kunstig intelligens
  • Kompetansegap og utanforskap
  • Internasjonalt samarbeid og EØS

Du får mellom anna treffe innleiarane i bildene under.

Dagen før konferansen den 19. mars inviterer vi til  kurs i kunstig intelligens og  årsmøte i NHO Vestland .

Partnarskapen

Regional årskonferanse blir arrangert i samarbeid mellom NHO Vestland, NAV, Innovasjon Norge Vestland, Agenda Vestlandet og Sparebanken Sogn og Fjordane.