Arrangement, Arbeidsliv, Arrangementer, Inkludering, Kompetanse og utdanning, NHO Vestlandet

Kompetanse treffet 2022

6. okt 2022, kl. 10.00–15.30 Quality Hotel Sogndal
Ingen deltakeravgift!
Påmeldingsfrist 4.okt 2022

Aldri før har Norge utdanna fleire menneske enn dei siste 10 åra. Likevel er kompetansegapet stabilt og stort. 2 av 3 bedrifter har ikkje nok folk med rett kompetanse. Korleis skal vi i Vestland vinne kampen om dei rette hovuda? Kva verkemiddel finns og ikkje minst kva ventar oss i tida som kjem?

Program for dagen

Kompetansebarometeret ved Tord Hauge, kompetanse og innovasjon i NHO
Kva skjer om vi ikkje får nok folk og kompetanse til rett tid? Bedriftene gir oss sine perspektiv. Elkem Bremanger, Fjord1
High Soft ved dagleg leiar Atle Sivertsen, Trude Ramstad HR direktør i Lerum og Eid Elektro ved dagleg leiar Tore Hjelle.
Vite meir ved Marit Haugan Hove og Åse Neraas.
11.30 Lunsj
Riktig dimensjonering, riktig rekrutering og riktig motivasjon. Er det skilnad på kjønn, mobilitet og avstemming av forventningar? Opplæringskontor, Fagskule og Høgskule.
Ei av de største utfordringane bedriftene rapportarer om akkurat no er mangelen på kvalifisert arbeidskraft. Samtidig står ca. 20% av den yrkesaktive befolkninga utanfor arbeidslivet. Inkludering og mangfald er avgjerande. Verkemiddel og strategi.
Tor Andreas Bremnes, InClue
Kva er Gloppen modellen og kva har vore avgjerande for suksess?
Inkludering og mangfald som konkurransefortrinn
13.45 PAUSE
Kva betyr U-40 nettverket for arbeidstakarar og arbeidsgjevarar? Andreas Berge, Osland Genetics Ingvild Andersen, PwC Sigrid Alice Hovland, Innovasjon Norge
Mathilde Pettersen i Luddikom gir deg sine 5 beste tips!
Aina Fagereng deler erfaringar frå samarbeidsprosjektet 1000 jobbar i Nordland.
Kva legg dei vekt på når dei skal velje arbeidsplass? Tonje Grøtte, Elkem Bremanger ASA Lea Myklebust, Kunnskapsparken Vestland
Oppsummering og vel heim

Kompetansetreffet