NHO

Innhold

  • 18. jun 2020til 23. jun 2020
  • Nettbasert Workshop
  • Medlem: 500kr Ikkje-medlem: 1000kr
  • Påmeldingsfrist 17 . juni (begrensa antall plassar)

NHO Vestlandet, Hub for Ocean og Klimapartnere Vestland ynskjer velkommen til nettbasert workshop i berekraft og sirkulærøkonomi.

Berekraft som konkurransekraft - nynorsk

Workshopen vil gå føre seg på den digitale plattformen Zoom på torsdag 18. juni 09:00 – 12:00 og tirsdag 23. juni 09:00 – 12:00. Workshopen blir ein blanding av forelesning, gruppeoppgåver og dialog. Under nokon av gruppeoppgåvene kjem deltakarane til å bli fordelt på ulike digitale rom slik at ein kan ha diskusjonar i mindre grupper. Workshopen blir leia av NHH-professorane Sveinung Jørgensen og Lars Jacob Tynes Pedersen.

 

Målet med den digitale workshopen er at du skal:

1) Lære kva berekraftige og sirkulære forretningsmodellar er.
2) Nytte kunnskapen til å designe ein meir berekraftig og lønnsam forretningsmodell i di eiga bedrift.

 

Om kurshaldarane

Sveinung Jørgensen and Lars Jacob Tynes Pedersen er berekraftseventyrarar og førsteamanuensar ved Norges Handelshøyskole. Dei leiar Centre for Sustainable Business, og dei er dei fremste forskarane i Norge på sirkulære og berekraftige forretningsmodellar. Dei har 15 års erfaring med forskingsbasert innovasjon saman med bedrifter i inn- og utland som ønskjer å forene berekraft og lønnsemd.


Program:
Torsdag 18juni, 08:30 – 11:30  

Kombinasjon av forelesning, gruppearbeid og plenumsdiskusjon:

  • Introduksjon: «Kva er ein berekraftig forretningsmodell? - Samanhengen mellom berekraft, sirkulærøkonomi og lønnsemd.»  (Jørgensen og Pedersen) 
  • Veikart for framtidas næringsliv (Mari Sundli Tveit, politikkdirektør i NHO)
  • Tema TBA (Klimapartnere Vestland)
  • Kort presentasjon av  RESTART-rammeverket og Jørgensen og Pedersens egen innovasjonsmodell i fire fasar, som dei har utvikla og testa i nært samarbeid med ei rekkje bedrifter (Jørgensen og Pedersen)
  • Gruppearbeid i inndelte digitale grupperom: Analysere og diskutere eigen forretningsmodell

 

Mellom dei to workshopane 

Mellom dei to workshopane vil deltakarane i kvar bedrift få nokon enkle oppgåver dei skal arbeide med. Dette vil ikkje krevje mykje arbeid, og det vil vere knytt til å forstå meir av dagens situasjon i eiga verksemd, samt å opne opp for nye moglegheiter.  

 

Tirsdag 23juni, 09:00 – 12:00 

Kombinasjon av forelesning, gruppearbeid og plenumsdiskusjon:

  • Gruppearbeid: Korleis kan de omsetje berekraft til konkurransekraft?
  • Sånn arbeider vi med berekraft (Elkem)
  • Bedriftseksempel, TBA: Kva vi har gjort for å bli meir berekraftig, og kva dette har gjort for oss.
  • Korleis rigge verksemda di slik at du kan nytte potensialet som ligg i å integrere berekraft og sirkulærøkonomi (Jørgensen og Pedersen)

 

Påmelding og betaling

Den digitale workshopen kostar 500,- per medlemsbedrift/ partner i  NHO, Klimapartnere og/ eller Hub for Ocean. Prisen er uavhengig av kor mange som deltek frå ei og same bedrift. For dei som ikkje er medlem kostar det 1000,- per deltakar. Vi anbefaler å vere 2-3 deltakarar frå kvar bedrift, gjerne ein representant for leiinga, ein som har ansvar/ skal ha ansvar for berekraft, og ein som arbeider med kommunikasjon. Det er maksimum mogleg å melde på 4 deltakarar per bedrift. For å få rett pris er det viktig at ein person melder på alle deltakarar frå ei bedrift. Ein betaler samtidig som ein melder seg på, enten med kort, vipps eller faktura. 

Lurer du på noko? Kontakt oss gjerne: 

Få de siste nyhetene fra NHO

Få de siste nyhetene fra NHO

Avmeldingen er mottatt!

Meld deg på ett oppsummert nyhetsbrev:

 

Meld deg på 1 nyhetsbrev: